«Knakk lesekoden i racerfart»

Jong skole i Bærum fekk innovasjonspris frå staten for Ipad-satsinga si. Resultata i lesing på nasjonale prøver har blitt markert dårlegare i åra etterpå.

Resultat frå nasjonale prøver i lesing ved Jong skole i Bærum frå 2015 til 2019.
Resultat frå nasjonale prøver i lesing ved Jong skole i Bærum frå 2015 til 2019.
Publisert Sist oppdatert

Det var jubel på Jong skole i Bærum 3. desember 2016 da rektor Frode Sømme og skulen fekk overrekt Innovasjonsprisen frå det statlege Senter for IKT i utdanninga. Skulen vart prislønt for å ha innført Ipad for alle elevar frå første til sjuande trinn. Teknologien gjekk «hånd-i-hånd med en ny pedagogisk tankegang», noko som hadde gjeve «dokumenterte resultater i lese- og skriveopplæringen», heitte det.

«Jeg ønsker dere lykke til videre med det innovative og spennende læringsarbeidet dere har satt i gang», sa daverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i samband med prisutdelinga.

Racerfart

Jong skole skaffa Ipad til elevane hausten 2014, og norskundervisninga for dei minste vart basert på prinsippet om å «skrive seg til lesing». Det vart slutt på handskrifta, og det vart ikkje lenger kjøpt inn bøker eller skrivepapir. Suksessen var umiddelbar, ifølgje Sømme. «Førsteklassingene knakk lesekoden i racerfart i år», sa han til Budstikka i 2015. Like bra gjekk det året etter: «Elevene knekker lesekoden i løpet av et par måneder. De både leser raskere og produserer mye mere tekst enn hva vi har sett tidligere med tradisjonell undervisning», sa han til Østlands-Posten i 2016.

I 2017 sa rektoren òg at Ipaden jamna ut skilnader mellom elevane ved ein skule der nesten 25 prosent av elevane hadde framandspråkleg bakgrunn. «Vi har elever som bor i millionboliger. Og vi har foreldre som kommer hit som flyktninger og er analfabeter. Nettbrettet utjevner sosiale forskjeller», sa Sømme til VG.

Men korleis har det gått med lesinga ved Jong skole sidan Ipad-revolusjonen – om vi ser på tørre tal?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement