Knefall for skipsreiaren

Color Line trugar med å flagga ut dersom dei ikkje får endå betre vilkår. Det meste tyder på at dei vinn den kampen. Stortinget har lagt sin elsk på cruiseskip.

Publisert Sist oppdatert

Color Line er det siste ferjeselskapet mellom Noreg og kontinentet som framleis seglar med norsk flagg. I fleire år no har dei truga med å flagga ut til Danmark om dei ikkje får endå meir subsidiar eller høve til å tilsetja folk til «internasjonalt konkurransdyktig lønn». Den sitjande regjeringa har vore særs lydhøyr andsynes Color Line og eigaren, ålesundaren Olav Nils Sunde, og har sagt at dei vil føya seg etter krava.

Sett frå utsida kan det verka underleg at Sunde klagar over mangel på gode vilkår frå den norske staten. Oppslaga om alt han kjøper og har kjøpt, har vore mange i media, særleg i Dagens Næringsliv, til dømes desse: «Color Line-eier Sunde bygger feriested til 75 millioner.» «Kjøpte Norges dyreste leilighet: – Dette ble en ufattelig dyr investering (…) Fergereder Olav Nils Sunde betalte astronomiske 236,5 millioner kroner for sin nye leilighet ytterst på Tjuvholmen.»

At Sunde har god råd, er ikkje uventa, for, som Høgres ansvarlege mann i Stortinget, Ove Trellevik, seier det til Dagsavisen: «Regjeringen har hevet taket på den såkalte nettolønnsordningen, som innebærer at Color Line får refundert alle innbetalte skatter og avgifter knyttet til skipene.» Men sjølv om Sunde er rik og slepp alt av skattar og avgifter som vi andre og det meste av norsk næringsliv må betala, så har han eit godt poeng. Han kan tena endå betre på å flagga ut, og lite eller ingenting tyder på at Stortinget kan, eller i det minste er viljug til, å hindra han i det.

Endå betre

Trelleviks påstand er isolert sett sann, men ordningane som Sunde nyt godt av, er – alt etter korleis ein ser det – mykje betre, eller sett frå Finansdepartementet mykje verre, enn som så. Ja, Sunde slepp all moms og alle alkohol–?og tobakksavgifter på alt det han sel om bord, i tillegg kjem avgiftsfritak på olje og mykje anna. Han får dessutan høve til å driva kasino om bord sjølv om det er forbode i Noreg. Men på toppen av alle desse nemnde unntaka får han i behalda alle skattepengane som dei tilsette generer, arbeidsgjevaravgift, trygdeavgift og direkte inntektsskatt.

Ja, dei tilsette om bord har norsk tariffavtale tinga fram av norske fagforeiningar, og ja, dei tilsette om bord har fulle velferdsstatlege rettar i Noreg og er medlemer av folketrygda. Pengane deira er ein kjapp tur innom statskassa før dei vert returnerte direkte attende til Color Line og dimed Sunde. Men likevel skuldar altså opposisjonen regjeringa for ikkje å ha lagt godt til rette for Sunde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement