Kommentar

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.
Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.
Publisert

Israel vedtok å endre målsetjinga for krigen i nord den 16. september. Like etter eksploderte Hizbollahs personsøkjarar og walkietalkiar i Libanon. Effekten var at Hizbollah-medlemmer måtte kommunisera på andre kanalar. Dermed kunne etterretninga til Israel og allierte avsløre kvar dei oppheldt seg.

Så gjekk Israel til masseåtak på sentrale militære kommandantar i Hizbollah-rørsla. Etter at Hizbollah-leiaren Nasrallah var drepen, annonserte Israel bakkeinvasjon i Sør-Libanon. Då gjekk Iran til åtak på Israel, med det største missilåtaket som har råka Israel nokosinne.

Av alle Irans reiskapar har Hizbollah vore den skarpaste kniven. I 30 år sat Nasrallah med kontroll over den libanesiske sjiamuslimske rørsla. Han overlevde åtte år med israelsk okkupasjon av Libanon, han egga til krig mot Israel i 2006 og balanserte på ei knivsegg gjennom heile borgarkrigen i Syria, der han gjorde Hizbollah til eit instrument ikkje berre for Iran, men også for Assad-regimet og Russland, mot systerrørslene til Hamas i Syria. Etter krigen valde Nasrallah å leggje stridsøksa med Hamas til sides. I 2021 vart dei to rørslene einige om heller å einast om den felles fienden, Israel.

Hizbollah var avgjerande for at Assad-regimet vann borgarkrigen i Syria, noko som òg gjorde at rørsla vart væpna til tennene. Etter krigen i Syria har det vore uklart om Hizbollah ville veksle denne nyvunne styrken inn i politisk makt i Libanon, eller halde fram på ein veg med meir konfrontasjon.

For å sikre seg gass på libanesisk sokkel gjekk Hizbollah i 2022 med på å framforhandle ei delelinjeavtale med Israel. Etter Hamas-åtaket på Israel 7. oktober sa Iran at dei ikkje stod bak og heller ikkje ville blande seg, men at dei fristilte støttespelarane sine. Den 8. oktober valde Hizbollah å gå til åtak mot Israel, og det neste året vart rundt 2000 åtak retta mot Israel frå Libanon (med rundt 8000 i retur frå Israel).

Etter 16. septemberhar Israel retta massive åtak mot våpendepot og Hizbollah-kommandantar i Libanon. To israelske åtak i Beirut vart retta mot palestinarar – Hamas-leiaren i Libanon og tre leiarar i PFLP, den palestinske sosialistiske rørsla som slåst med Assad og Hizbollah, mot Hamas og andre islamistar i Syria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement