Utanriks
Knuten Kosovo
Det er stadig nye spenningar og konfliktar i Kosovo. Og lite tyder på at situasjonen kjem til å betre seg med det fyrste.
Det har vore gjentekne protestar, vegblokadar, stengde grenseovergangar og skotvekslingar i dei serbiskdominerte kommunane nord i Kosovo det siste året.
Foto: Miodrag Draskic / Reuters / NTB
Dette kunne vore året for å jubilere det som i si tid vart omtalt som eit historisk gjennombrot og ein avtale som skulle gjere slutt på fiendskapen mellom to tidlegare krigsmotstandarar. Den såkalla Brussel-avtalen frå april 2013, mekla fram i regi av EU, var den fyrste bilaterale avtalen mellom Serbia og den tidlegare sjølvstyrte serbiske provinsen Kosovo, og eit fyrste steg i ein prosess for å normalisere forholdet mellom dei etter 14 år med fastlåst konflikt. Avtalen skulle òg leggje grunnlaget for vegen mot EU-medlemskap for både Serbia og Kosovo.
Ti år seinare er det lite å feire. Rett nok leverte Kosovo inn ein EU-søknad like før jul, men vegen mot EU er framleis lang og vanskeleg, ikkje minst fordi Serbia har gått imot søknaden.
I tillegg har det siste året vore prega av stadig nye spenningar og konfliktar mellom dei to, med vegblokadar, stengde grenseovergangar og skotvekslingar i dei serbiskdominerte kommunane nord i Kosovo, og som ei følgje: auka internasjonalt nærvær i Kosovo.
Kai Eide, som var aktiv i fredsprosessen på Balkan og har vore FNs spesialutsending til Kosovo, seier til NRK at han har opplevd svingingar fram og tilbake i Kosovo dei siste åra, men at situasjonen no er den mest dramatiske han har sett.
Noregs ambassadør til Kosovo, Jens Erik Grøndahl, oppsummerer det slik:
– Det er krise i relasjonen mellom Kosovo og Serbia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.