Sideblikk

Ko-ko-komiteen går ein tur på stien

Ein statsråd skal ikkje vera personalsjef. Politisk ansvar er noko anna juridisk skuld.

Saksordførar Peter Frølich (H) i kontroll- og konstitusjonskomiteen under den opne høyringa på Stortinget om masseskytinga i Oslo 25. juni i fjor.
Saksordførar Peter Frølich (H) i kontroll- og konstitusjonskomiteen under den opne høyringa på Stortinget om masseskytinga i Oslo 25. juni i fjor.
Publisert

Statsrådar har ansvar for alt som skjer i departementet og underliggande etatar på deira vakt, men det er formelt, politisk og konstitusjonelt. Statsråden kan rimelegvis ikkje ha hendene borti alt som blir vedtatt og sett ut i livet av Nav, UDI, NVE og dei talrike etatane og organa. Statsråden må stola på Forvaltningas dugleik og skjønn, og at dei følgjer intensjonar og retningsliner frå den politiske leiinga.

Om dei sviktar i tenesta, må statsråden bera børa og ta mistilliten i det parlamentariske regimet, sjølv om ved­komande var uvitande og utan skuld. Byråsjefen minner om at tenesteforsømming og politisk ansvar er noko anna enn juridisk og strafferettsleg ansvar.

STATSMINISTEREN og stats­rådane utnemner og avset statssekretærar, politiske rådgjevarar og koffertberarar. Dei går av når regjeringa fell. Det profesjonelle embetsverket er ikkje politisk tilsett og kan ikkje sparkast av partipolitiske grunnar. Dei kjem og går ikkje med skiftande politiske regime.

DEPARTEMENTSRÅDEN, ikkje statsråden, er øvste personalsjef, men fullt så enkelt er det ikkje. Sjølv om statsråden skal ligga unna utnemningar til embete og offentlege verv, må vedkomande vera orientert og kunna koma med innspel, men erklæra seg inhabil om det er familie- eller vennskapsband. Det felte Trettebergstuen og gav ei skrape i lakken til Brenna.

Med Støres nyvekte og nødvendige woke på inhabilitet måtte Vestre innrømma at han skulle ha sagt seg ugild då ein halvnær venn blei konstituert som fungerande avdelingsdirektør, sjølv om ho hadde fartstid som seniorrådgjevar og var ein vandrepokal i vikariat frå før Vestres tid, og utan at han var informert eller hadde noko med utnemninga å gjera.

At Vestre blir kalla inn til høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen, tyder på at dei har visse vanskar med på skilja mellom skit og kanel. Men det kan bidra til at dei får merkt stien og klara grundig opp i regelverk og praksis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement