For nokre hundre år sidan var juristane dei mektige i samfunnet. Dei skreiv grunnlovsdokument og lovar for dagleglivet. No er det dei som på stillferdig vis kan skrive datakode for dei digitale systema, som er blant menneska i verda med størst påverknad, skriv den amerikanske journalisten Clive Thompson i boka Coders – The Making of a New Tribe and the Remaking of the World.
Poenget hans er at dei skriv kodar som rettleier korleis vi skal oppføre oss. Om dei gjer noko enklare, gjer vi meir av det.
Då programmerarar for over tjue år sidan gjorde det enkelt å lage sin eigen blogg, kunne plutseleg tusenvis av menneske ytre seg. Då programmerarar laga kodar som gjorde gratis fildeling mogleg, til dømes av musikk og filmar, truga det ein heil bransje. Så hyra dei som eigde musikken, programmerarar til å lage kodar som gjorde det vanskelegare å dele.
Det var mellom anna ein slik kode som gjorde at dåverande statsminister Gordon Brown ikkje fekk spelt av dei 25 DVD-ane med klassiske amerikanske filmar han fekk frå president Barack Obama etter eit besøk i USA i 2009. Dei var ikkje programmerte for DVD-spelarar utanfor USA.
– Skal vi forstå korleis verda av i dag verkar, må vi forstå noko om dei som skrive kodane, skriv Thompson.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.