Lita skrift

Kognisjonssvikt

Publisert Sist oppdatert

I dei siste utgåvene har Dag og Tid skrive ein del om menneske som ikkje hugsar så godt. Først skreiv vi om statsråd Oddmund Hoel, som ikkje kunne hugse noko særleg frå tida si i Norsk Målungdom. Veka etter hadde vi eit intervju om det dårlege minnet til president Joe Biden.

Eg har merka meg at det ikkje heiter gløymsk når den som gløymer er under førti. Då heiter det visst distré. Charmant.

Om det er ei form for alderisme, veit ikkje eg. Men eg veit at eg gløymer meir enn mormora mi på 88. Medan ho har stålkontroll på kva som vart sagt under Debatten på NRK for tre veker sidan, heldt min distré natur på å ende i tidenes blemme her om dagen.

Eg var invitert til bryllaupsfesten til ei god venninne, ein laurdag tidleg i februar. Trudde eg, i alle fall.

Fredag kveld klokka seks svinsa eg rundt på Karl Johan for å finne ein i siste liten-kjole til festen dagen etter. Det var evig lang kø til prøverommet, og eg stod difor limt til mobilen og skrolla på Instagram. Då såg eg tilfeldigvis ein instastory frå forlovaren til venninna mi, som synte det lukkelege brudeparet på veg ned frå Oslo rådhus. Eg fekk ein kald klump i magen. Bryllaupsfesten er på fredag. I dag! Om to timar!

Dermed måtte eg springe rundt i sentrum som ein galen for å finne i siste liten-sko og -sminke, i tillegg til kjolen. Eg fekk mange rare blikk frå butikktilsette, der eg med stivt blikk prøvde å finne fram så fort eg kunne, medan eg skamma meg over klimaavtrykket mitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement