Utanriks

Kokainen kjem

Folk flest bruker ikkje narkotika. Men kvart år får vi nye rekordar i bruk og beslag.

Colón i Panama er ei av av dei mest trafikkerte hamnene i verda. Det medfører òg at byen er ein mellomstasjon for narkotika på veg nordover.
Colón i Panama er ei av av dei mest trafikkerte hamnene i verda. Det medfører òg at byen er ein mellomstasjon for narkotika på veg nordover.
Publisert

I ein reportasje 25. august slår The Guardian fast at når EU rustar opp grensekontrollane sine, er det fare for at Noregs grenser «blir overfløymde av narkotikaparti».

Kvar veke kjem tusenvis av konteinarar til Oslo, og tollarane som sjekkar dei, «er underfinansierte, underbemanna og underutstyrte».

The Guardian siterer ordførar Anne Lindboe på at «kriminelle, hardbarka gjenger (...) ser sitt snitt til å bruke en litt for dårlig bevokta havn til å smugle svineriet sitt til Norge» (NRK 26. juli). Ein tollbetjent fortel at kriminelle nettverk, som svenske Foxtrot, held auge med trafikken og tollarane frå åssida bak hamna.

I sommar kom det fram at Foxtrot og andre kriminelle nettverk har fått fotfeste i alle politidistrikta i Noreg. På ein pressekonferanse i juni sa politiinspektør Yngve Myrvoll i Tromsø: «Vi vurderer de svenske kriminelle nettverkene som den største kriminalitetstrusselen i Troms politidistrikt.»

Det hjelper ikkje at få land slår Noreg i kokainbruk, ifølge European Drug Report 2024. Også bruken av MDMA, ketamin og crack er aukande, og politi og rusbrukarar varslar om fleire og meir valdelege konfliktar på gata enn før.

I 2023 gjorde det norske tollvesenet 1847 narkotikabeslag – meir enn i dei ti føregåande åra til saman, inkludert 2,3 tonn kokain og 1,9 tonn hasj og marihuana.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement