Kommentar
Köln-logo utan spir
Bystyret i Köln vil fjerne kyrkjetårna frå by-logoen. Handlar det om digital forenkling eller om å viske ut sin eigen arv?
Köln-domen var det høgaste bygget i verda da han stod ferdig i 1880.
Foto: NTB scanpix
Dreg du til Köln, lyt du reise med tog. Sjølv var eg heilt ubudd første gongen eg kom til Köln Hauptbahnhof for om lag 15 år sidan. Då eg gjekk ut av stasjonsbygningen, vart eg overvelda. Her kneisa Köln-domen rett framom meg i all sin prakt som det fyrste eg møtte i byen. Om kvelden gjekk eg rundt katedralen i mørket, bøygde hovudet bakover og leita etter vasspyarar, skumle andlet i stein, gotiske djevlar og blomstrande ornamentikk.
Ein gong var dette gotiske meisterverket også verdas høgaste bygning. Det var før Washington-monumentet, den gigantiske obelisken til minne om USAs fyrste president, vart reist i 1884. Domen stod ferdig berre fire år tidlegare, men då hadde han vore under arbeid sidan 1248.
Landemerke
Köln-domen er landemerket i Köln, noko som vart særs konkret under andre verdskrigen. Då vart byen teppebomba og dei allierte bombeflya kunne navigere etter kyrkjespira. Sjølv om domen vart treft av bomber heile 14 gonger og vart delvis skadd, stod han likevel mirakuløst att i ruinane. Bileta av den øydelagde ruinbyen med den høgreiste kyrkja med dei to spira er ikoniske.
Dei to tårna har hatt ein sjølvsagd plass i den offisielle logoen til byen, saman med ei keisarleg dobbeltørn. Difor vart det rabalder då bystyret i slutten av mars bestemde seg for å droppe tvillingtårna i den nye versjonen av logoen, og det viste seg å ikkje vere aprilsnarr. Kor dramatisk er dette på ein skala frå udramatisk oppdatering til endetidsteikn?
Ikkje byvåpen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.