Kommentar

Bak kulissane i Finansdepartementet

Dokumenta frå Finansdepartementet som Dag og Tid presenterte i den såkalla Meyer-saka i førre utgåve, gjev eit eineståande innblikk i ein forvaltnings­praksis som ikkje toler dagslys.

SSB-sjef Christine Meyer og advokaten hennar, Dag Steinfeld, då dei forlét Finansdepartementet etter møtet med finansmininster Siv Jensen 11. november 2017.
SSB-sjef Christine Meyer og advokaten hennar, Dag Steinfeld, då dei forlét Finansdepartementet etter møtet med finansmininster Siv Jensen 11. november 2017.
Publisert

Det er all grunn til å stille spørsmål om kva som har skjedd i kulissane når referat frå møte ved nokre pennestrøk frå ein overordna, får eit heilt endra meiningsinnhald. Det er neppe daglegdags at slikt skjer i forvaltninga.

Sjølve saka fekk som resultat at direktøren i Statistisk sentralbyrå (SSB) måtte gå, det vart kontrollhøyring på Stortinget og sterk kritikk både mot finansminister Siv Jensen og Finansdepartementet.

Dokumenta som Dag og Tid har presentert, er framleis hemmeleghaldne av Finansdepartementet, som også prøvde å kome unna med å levere sladda dokument då Sivilombodsmannen bad om å få utlevert dokumenta for å handsame klage over innsynsnekting.

«Den går ikkje», sa ombodsmannen. Det er merkeleg at eit presumptivt opplyst og skolert departement kunne tru at dei kunne kome unna ombodsmannen slik. Hadde dei ingenting lært av saka med Olje- og energidepartementet og Statsministerens kontor som freista å kome unna med å nekte å utlevere dokument til ombodsmannen i ei klagesak i 2009?

Resultatet den gongen var at Sivilombodsmannen sende særskild melding til Stortinget om at regjeringa hindra han i å utføre kontrolloppgåvene sine. I neste omgang valsa den dåverande leiaren i kontrollutvalet, Martin Kolberg, opp med regjeringsråden, Nina Frisak, og fortalde kvar skåpet skulle stå.

For å gå tilbake til utgangs­punktet: eit møte i Finansdepartementet 19. september 2017 mellom SSB-direktøren Christine Meyer og forskingssjefen i byrået Kjetil Telle, på den eine sida, og finansråd Hans Henrik Scheel og ekspedisjonssjef Amund Holmsen på den andre, assistert av møteskrivar Pål Sletten, fagsjef i Økonomiavdelinga, på den andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement