Kommentar

Då maskinane måtte gje tapt

Datamaskinane maktar ikkje å rekonstruera dokumenta som Stasi-folka makulerte då DDR fall.

Ei kvinne prøver å pusle saman dokument som vart rivne sund av Stasi-offiserar då DDR braut saman.
Ei kvinne prøver å pusle saman dokument som vart rivne sund av Stasi-offiserar då DDR braut saman.
Publisert

Frå Berlin kjem meldinga om at Stasi har vunne mot datamaskinane. Nesten tre tiår etter at muren vart broten ned, syner det seg at dei hektiske siste vekene med frenetisk dokumentmakulering i det austtyske Ministeriet for tryggleik (MfS) held fram med å kasta skuggar over det demokratiske Tyskland. Sjølv datamaskinane må no gje tapt for Stasi.

For det syner seg no at datamaskinane ikkje maktar å setje saman sundrivne dokument slik ein trudde. Det inste av Stasis overvakingsmateriale vert liggjande som arkeologiske godbitar for neste generasjon. Her er historia:

Leit ikkje på maskinar

Stasi-hovudkvarteret i Normannenstrasse i Aust-Berlin er eit digert kompleks av kontor, avhøyrsrom og celler i ein eigen bydel – i dag antistalinistisk museum etter at tidlegare fangar hadde sytt for å ta vare på bygningane etter DDRs fall i 1990. Dei storma huset i januar 1990. Reis dit og sjå historia i bilete på veggane. Den einaste staden du kan sjå Stasi-kontor urørte frå DDR-tida, er i Leipzig. Der rakk ikkje Stasi-folka å øydeleggja noko – dei vart overraska av rasande DDR-borgarar.

I Normannenstrasse kan du sjå Lenins dødsmaske på skrivebordet til tryggleiksminister Erich Mielke. Han var mannen som måtte dømast for eit mord han hadde gjort som ungkommunistisk aktivist i Weimar-republikken – tysk lov kunne ikkje døma han for brotsverk gjorde som minister i ein anerkjend stat, DDR.

Mielke stolte ikkje på datamaskinen, som så vidt var komen i tenestetida hans. Difor kan du sjå trommel på trommel av grønfarga stål som inneheld detaljopplysingar om tusen på tusen av DDR-borgarar. Informasjonen ligg på holkort og vart samla inn av dei «uformelle» medarbeidarane (såkalla «IM») – orwellsk for spionar – som rapporterte frå arbeidsplassar, organisasjonar og til og med familiar over heile landet. 6,5 millionar menneske av eit folk på 17,8 millionar vart engasjerte som spionar med regelbunden leveringsplikt. Langt meir omfattande enn Gestapo i Nazi-Tyskland. Storebror i praksis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement