Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Eit mogleg sluttspel i Syria

Opprørarane i Syria kan ikkje velte Assad-regimet. Men dei kan presse fram eit sluttspel i den lange borgarkrigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.

Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB

6246
20241206
6246
20241206

Kommentar

Ikkje før var krigen mellom Israel og Hizbollah stogga av ein våpenkvileavtale, så eksploderte det i nabolandet til Libanon. I Syria braut islamistiske opprørarar ut frå enklaven Idlib i nordvest, og i løpet av eit par dagar hadde dei teke kontroll over store område.

Aleppo, den største byen i landet, er no for første gong under full kontroll av opprørarane. Dei har òg kontroll med fartsåra mot sør, og trugar byen Hama. Da sjiamuslimske Hizbollah vart vengjeklipt, kom dei sunnimuslimske opprørarane i Syria på offensiven.

Syria er framleis ei geopolitisk heksegryte. Her har styrkar frå Russland, USA og Storbritannia, Tyrkia og Iran stått i kvar sine hjørne og halde IS i sjakk og borgarkrigen nede. USA er inne i kurdiske område i nordaust mot Irak, og held òg sikkerhetssona Al-Tanf i sør mot Jordan. Utanfor desse områda opererer irakisk sjiamilits under iransk kommando. Amerikanske styrkar skal ut av Irak innan oktober 2025 etter avtale med Irak, men USA har nyleg indikert at operasjonen i Syria kan vare til september 2026.

I nord har Tyrkia sikra seg ei buffersone på rundt 10 km inne på syrisk jord, ei sone Erdogan vil utvide til eit 30 kilometer breitt demilitarisert belte i ein framtidig fredsavtale. Tyrkarane vil at dei kurdiske områda i Tyrkia og Syria skal skiljast klart frå kvarandre. Vest i Syria har Russland hamnebasen Tartus og flybasen Hmeymim. Russarane har støtta Assad i borgarkrigen sidan 2015, både mot IS og mot sunnimuslimske opprørarar.

Då gjenstår Idlib i nordvest, eller «Syrias Gaza». I 2016 vart Tyrkia og Russland einige om å evakuere dei siste opprørarane frå Aleppo. Dei vart frakta til Idlib-provinsen saman med familiane sine. I Idlib bur det no rundt 3,2 millionar menneske – dei fleste flyktningar frå andre stader i Syria, og sterke motstandarar av Assad-regimet. Tyrkia har arbeidd med å samle pragmatiske syriske jihadistar i provinsen under paraplyen HTS (Hayat Tahrir al-Sham). Tyrkia, Iran og Russland har alle stått mellom dei syriske opprørarane og det syriske regimet og halde dei frå kvarandre. Det gjer dei ikkje lenger.

«Erdogan har nøkkelen til å presse Assad-regimet til politiske vedgåingar.»

Cecilie Hellestveit, statsvitar og jurist

Same dag som Israel og Hizbollah gravla stridsøksa, braut opprørarane under leiing av HTS ut frå Idlib, og tok over posisjonar frå det syriske regimet i heile Nordvest-Syria. Dei har òg hatt samanstøytar med kurdiskdominerte SDF lenger aust.

Det store bildet er klart. Assad-regimet var «nøytralt» i krigen mellom Israel og Hamas. Men dei sjiamuslimske støttespelarane, Hizbollah og iransk-kontrollert sjiamilits, vart med i kampen mot Israel. Det er dei som særleg har halde Assad-regimet sine posisjonar i Nordvest-Syria, og krigen mot Israel har svekt både Hizbollah og sjiamilitsane.

Somme drøymer om at opprørarane i Syria skal velte Assad-regimet, kaste ut Russland og Iran og erobre heile republikken. Det er heilt urealistisk. Under borgarkrigen hadde opprørarane støtte frå arabarstatane, men dei har teke det syriske regimet inn i varmen att. Emirata har normalisert heilt med Damaskus. Egypt og Saudi-Arabia er òg på side med styresmaktene, og Assad er attende i Den arabiske ligaen.

Det opprørarane kan gjere, er derimot å presse Assad. Dei siste åra har regimet vore urokkeleg og steilt. Prosessen med ei ny grunnlov, der norske Geir O. Pedersen er sentral som FNs spesialutsending til Syria, har stått heilt i stampe. Men no klarer neppe regimet i Damaskus å få kontroll i nordvest utan hjelp utanfrå. Og slik hjelp er ikkje gratis for Assad.

Spørsmålet er kven han kan vende seg til for å ta attende tapt terreng, og kanskje ta heile Idlib. Korkje Russland eller Iran er klare for å setje inn Hizbollah i Syria. Russland verkar motvillige til å setje inn fartøy eller flyvåpen, og Iran har så langt berre sendt ein del sjiamilits over grensa frå Irak.

Her er det eit høve for å endre spelet om Syria. Assad har forsøkt å redusere iranarane sitt nærvær dei siste 14 månadene. USA og Emirata skal ha tilbydd Assad lette i sanksjonane og pengar om iranarane vert kasta ut av Syria. USA kan hjelpe med å halde opprørarane i sjakk, truleg i byte mot ein grunnlovsprosess der opposisjonen blir teke omsyn til og kurdarane får sjølvstyre. Det er ikkje førstevalet til Assad. Men kan nokon by over USA?

Iran har tilbode å hjelpe Assad med regulære iranske styrkar, i staden for sjiamilitsane. Men det er kanskje ikkje nok. Og då kan plutseleg nye konstellasjonar i regionen komme til syne. Saudi-Arabia og Iran har dei siste månadane hatt samtalar om militært tryggingssamarbeid. Saudi-Arabia er i ferd med å miste trua på at USA har evne eller vilje til å presse Israel med på ei tostatsløysing med palestinarane. Da vil saudiarane sjå seg om etter nye partnarar. Kina og Iran står klare med opne armar.

Kva kan saudiarane tilby Assad? Dei har mykje relevant erfaring med «kamp mot terroristar» i Jemen det siste tiåret, og saman med Iran kan dei kanskje knuse opprørarane i nordvest. Krava vil truleg vere at Assad må kome opposisjonen i møte på visse felt, men demokrati og rettsoppgjer etter krigen står neppe høgt på lista.

Men det er ein viktig aktør til på dette brettet: Den tyrkiske presidenten Erdogan og utanriksminister Hakan Fidan, som var sjef for tyrkisk militæretterretning gjennom borgarkrigen i Syria, og som truleg har bygd opp HTS. Sultanen i Tyrkia sit med nøklane. Erdogan kan hindre eit blodbad i Idlib og verne syriske sivile i provinsen. Han sit òg med nøkkelen til å halde konvensjonelle iranske og kanskje saudiarabiske styrkar unna syrisk jord, og verne Israel militært og USA politisk. Til sist er det også Erdogan som har nøkkelen til å presse Assad-regimet til politiske vedgåingar. Han kan få den konstitusjonelle prosessen som FN ynskjer på bordet att, og bringe Syria inn i ein fredsprosess som får slutt på den lange borgarkrigen. Med denne posisjonen er Erdogan for alle praktiske formål den nye sultanen av Syria.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis