Kommentar
Hypotetisk mistillit
Stortinget kan kome til å vedta mistillit til Erna Solberg som framtidig statsminister. Den vurderinga bør Stortinget overlate til Høgre og veljarane.
Erna Solberg under den opne høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen om handtering av habilitetsregelverket.
Foto: Heiko Junge / NTB
I samband med den store habilitetshøyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget tysdag ser vi konturane av eit nytt fenomen i norsk parlamentarisme: hypotetisk mistillit. Det bør få varsellampene til å lyse for alle som er glade i eit sivilisert og sakleg politisk system.
Mistillit er eit verktøy i den parlamentariske verktøykassa som gjer at Stortinget kan påleggje ein statsråd eller ei regjering å gå av. Mistillit er regulert i Grunnlova, og det er straffbart for ein statsråd eller ei regjering å ikkje gå av etter å ha fått mistillit mot seg. Trugselen om mistillit er grunnen til at norske regjeringar går av «frivillig» etter å ha tapt fleirtalet i val.
Sidan 1945 har det blitt sett fram 68 mistillitsframlegg, og det er sjeldan dei fører fram. Den siste gongen ein statsråd gjekk av som følgje av mistillit, var i 2018. Då gjekk Sylvi Listhaug av som justis- og beredskapsminister rett før Stortinget skulle behandle eit mistillitsforslag mot henne på grunn av ei usmakleg Facebook-melding om Arbeidarpartiet. I praksis har Stortinget brukt mistillit nettopp som ein sanksjon overfor statsrådar som bryt reglar og embetsplikter eller av andre grunnar ikkje er skikka til embetet.
Dette fører oss over til habilitetssakene den siste tida. Det ligg i korta at fleire parti vil kritisere Erna Solberg for den slepphendte handtering av eigen habilitet medan ho var statsminister. Spørsmålet er kor sterk kritikken blir.
Den siste tida har media rapportert om at nokre av partia vurderer å ordleggje seg på eit vis som direkte eller indirekte uttrykkjer mistillit til Solberg som framtidig statsminister. Altså hypotetisk mistillit. Siktemålet kan vere å svekkje henne som statsministerkandidat i 2025.
Ein peikepinn fekk vi under høyringa tysdag, der Frode Jacobsen frå Arbeidarpartiet spurde Solberg om ho ville ha gått av dersom habilitetssaka hadde dukka opp då ho var statsminister. Raudt har alt gått ut og sagt at Solberg ikkje kan bli statsminister på nytt etter habilitetssaka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.