Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Russlands og Irans posisjon som stormakter i Midtausten har falle saman som eit korthus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

5965
20241220
5965
20241220

Ei forundra verd var i byrjinga av desember vitne til korleis det syriske regimet krakelerte. Den einaste hjelpa Vladimir Putin kunne gje den gamle venen sin Bashar al-Assad, var ein flybillett til Moskva.

Mens desse linene blir skrivne, står soldatar frå det nye syriske regimet utanfor portane til den russiske flybasen Khmeimim. Det var frå og med 2015 russiske fly frå denne basen terrorbomba dei områda som blei haldne av opprørsstyrkane i Syria. Nokre av spesialitetane til det russiske flyvåpenet var å bomba marknadsplassar fulle av folk. Når hjelpemannskapa strøymde til for å ta seg av overlevande, kom dei russiske flya attende og bomba på ny. Takka vera denne russiske flystøtta gjekk regimet til Bashar al-Assad i 2018 sigrande ut av den syriske borgarkrigen.

Ein eldgamal draum

Det Putin fekk igjen for å ha redda Assad, var ein heil allianse: Presteregimet i Iran, Assad-regimet i Syria, Hizbollah i Libanon og Hamas på Gaza-stripa blei støttespelarar til Kreml. Russland blei ein hjørnestein i den såkalla motstandsaksen i Midtausten. Som takk for hjelpa fekk Russland våpen frå Iran. Dei iranskproduserte Shahed-dronane har i lang tid spreidd død og øydelegging i Ukraina.

Den største vinsten med å hjelpa Assad-regimet i Syria var likevel, sett frå Putins synsstad, marinebasen som Russland skaffa seg i Tartus, tre mil nord for grensa til Libanon. Tartus handla om noko langt meir enn å skaffa ei hamn for russiske skip langt heimanfrå. Putin har brukt mykje tid dei siste åra på å studera russisk historie, og han veit godt at det i fleire hundre år var ein russisk draum å ha eit fotfeste i Middelhavet.

Det fyrste skrittet blei teke den 7. juli 1770, då den russiske flåten øydela heile den tyrkiske marinen i slaget ved Cesme utanfor byen Izmir. I 2012 blei Cesme-dagen innstifta av Putin for å markera russisk krigarære.

Etter sigeren ved Cesme gjekk det bokstaveleg talt slag i slag. På byrjinga av 1800-talet skaffa Russland seg kontroll over dei joniske øyane på vestkysten av Hellas. Målet var heile tida Konstantinopel, hovudstaden i Det osmanske riket. Den dagen det russiske flagget vart heist på Sofia-katedralen, ville Russland bli ei stormakt i Middelhavet, var den offisielle tenkinga.

Etter Krimkrigen på 1850-talet måtte tsaren for ei tid gje opp denne målsetjinga, men eit par slektsledd seinare dukka Konstantinopel opp igjen: Så snart Storbritannia, Frankrike og Russland hadde vunne over Tyskland i den fyrste verdskrigen, skulle Russland få oppfylt den gamle draumen om byen ved Bosporos, fekk Nikolaj 2. lovnad om.

Ein genistrek

Den fyrste verdskrigen enda med nederlag og samanbrot, men etter kvart tok kommunistleiarane opp igjen jakta på allierte. Dei kom eit godt stykke på veg då Gamal Abdel Nasser greip makta i Egypt. I 1970 tok Anwar al-Sadat over, og han kasta russarane ut. På ny stod Russland på berr bakke i Midtausten.

Det heile endra seg då Vladimir Putin i 2015 gjekk inn og berga Assad-familien i Syria, som fram til då berre hadde vore støtta av Iran. Sett frå ein maktpolitisk synsstad var dette ein genistrek. Gjennom basane Tartus og Khmeimim kunne Russland visa fram både sjø- og luftmakt i det indre Middelhavet.

Då Putin gjekk til fullt åtak mot Ukraina i 2022, blei Russland ei aktiv krigsmakt på båe sider av det asiatiske Tyrkia. På kort tid var maktbalansen i området frå Donbas i nord og heilt ned til grensa mot Israel endra. Russland og Iran var dei nye stormaktene, nokre gonger støtta av eit stadig meir antivestleg Tyrkia.

Eit korthus

Så fall byggverket saman som eit korthus. Årsakene var fleire: Tidlegare i haust tok Israel knekken på Hizbollah, som hadde kjempa så iherdig for Assad-regimet. Russland hadde for sin del meir enn nok med krigen mot Ukraina. Då opprørarane rykte fram mot Damaskus, var dei russiske styrkane i Syria handlingslamma. Putin tapte Syria, og han tapte posisjonen som ein mektig aktør i Midtausten. Dei fleste Midtausten-kjennarar trur det er berre eit spørsmål om tid før russarane må forlate dei to militærbasane i landet.

I dag er det temmeleg nøyaktig ein månad til Donald Trump blir innsett som ny amerikansk president. Det naturlege for ein ny amerikansk president burde vera å utnytta det faktum at fleire av USAs mest innbitne fiendar har lide store strategisk nederlag. Om Putin også blei tvinga på tilbaketog i Ukraina gjennom ei massiv opptrapping av den amerikanske hjelpa, ville det avskrekka heile Krink-aksen – Kina, Russland, Iran og Nord-Korea.

Kina ville til dømes sjå at det kanskje ikkje løner seg å gå til åtak på Taiwan. Iran står svekt tilbake. Presteregimet vil ikkje kunna hindra framstøytar for å gjenskapa tilliten mellom Israel og dei arabiske grannelanda, og kanskje dempa også den konflikten.

Ein isolasjonist

Problemet er at Donald Trump ikkje har vore og heller ikkje blir ein vanleg amerikansk president. Ingen veit om den nye Trump-regjeringa vil handla i samsvar med interessene til den vestlege verda, eller om Trump rett og slett er ein isolasjonist som tek sikte på å dra USA ut av dei fleste konfliktane på kloten.

Høyrer ein på Tulsi Gabbard, som Trump har nominert til øvste ansvarleg for den amerikanske etterretningstenesta, er det nett det me har i vente. Ifylgje Tulsi Gabbard er krigen i Ukraina ein påskotskrig som Joe Biden og Hillary Clinton sette i gang for å styrta Putin-regimet i Russland. Putin har ikkje skulda for krigen; dei som har skulda, er krigshissarane i Det demokratiske partiet som leier verda mot kjernefysisk katastrofe, seier Gabbard i ein podkast på heimesida si.

Svaret ho og andre på høgrefløya i det republikanske partiet kjem med, er å avslutta amerikansk engasjement rundt om i verda, kanskje med unnatak av Aust-Asia.

Det er altså berre nokre veker til me får sjå om det er denne kursen Donald Trump slår inn på.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.

Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Det som kjem etter globaliseringa

35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.

Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn
Andrej Kurkov

Naiv kunst og nøktern røyndom

Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.

West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.

Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB

Feature

Herzogs grenselause liv

Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis