Kor lenge skal Erna seigpinast?

Ein embetshaldar må vernast mot å bli hersa med av vekslande politiske regime.

Høgre-leiar Erna Solberg måtte uttale seg om ektemannens aksjekjøp etter trontaledebatten på Stortinget onsdag 4. oktober.
Høgre-leiar Erna Solberg måtte uttale seg om ektemannens aksjekjøp etter trontaledebatten på Stortinget onsdag 4. oktober.
Publisert

Like etter valet var denne spalta innom dei tragikomiske scenene frå ekteskapet mellom Erna og Sindre. Då var varselet: «No vert det spanande. Fylg med i neste bolken.» Her kjem ein oppfølgjar.

NULLHYPOTESEN ER at Erna Solberg ikkje blir felles borgarleg statsministerkandidat ved valet i 2025. Etter at Høgre har satsa alt på å persondyrka den solide og truverdige Erna som stjerna, kan ho heller ikkje vera partiets habile og sanktifiserte frontfigur.

Prøvande røyster i samarbeidspartia meiner Erna har tapt sin rett og legitimitet til å vera regjeringssjef, og jo nærare dei står kontroll- og konstitusjonskomiteen, jo meir skeptiske er dei.

I STATSMINISTERTIDA var Erna Solberg slumsete med ektemannens utreinskingslister og grådige aksjespekulasjonar bak hennar rygg. Då saka sprakk, slepte ho og Høgre beina etter seg, for dei ville ha tid til å vera korrekte og komplette. Men etter som avsløringane kom fossande, skifta forklaringane. Første skanse var Erna som uskuldig offer for ektemannens ludomane svik; så var det uråd å finna ut av potensiell inhabilitet og eventuell uvørden innsideprat over frukosten der det blir snakka om aktuelle saker, næringspolitikk og guttemusikk.

Sindre finnes som ein sjølvstendig mann i norsk industri lobby og som talknusar i spekulasjonsøkonomien. Om Erna skulle flytta inn att i statsministerbustaden, meiner framståande Høgre-folk at han må refuserast eller rehabiliterast og overvakast. Det er ei tung bør for statsministeren (hev vore og vil bli) at ektemannen, som ho deler økonomi med, har drive finurlege manøvrar på hobbybasis, for som det heiter i Kjell Lunds vise:

Har du en hobby, / som du har blitt glad i, / da trenger du aldri å kjede deg mer. / For da har du alltids no’ morsomt å gjøre, / og har du først én, får du sikkert fler.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement