Politikk
Kor likestilte er vi?
Fleire menn enn kvinner meiner vi er likestilte. Kva er stoda på den norske arbeidsmarknaden?
Fleire kvinner har den siste tida endra namnet sitt til «Arne» på sosiale medium for å synleggjere kjønnsulikskap i toppstillingar i Noreg.
Foto: Erik Johansen / NTB
Denne veka har det vore kvinnedag, og mange har vore ute for å demonstrere. I Noreg er ein glad i å tenkje at vi er blant dei mest likestilte landa i verda. Samstundes er det forskjellar i kvinner og menns syn på likestillingsutviklinga. I ei undersøking NRK har gjennomført, seier tre av fire menn at nordmenn er likestilte, medan berre to av fem kvinner seier det same.
Mari Teigen er kjønnsforskar og leiar for CORE – Senter for likestillingsforskning.
– Kor langt har likestillinga kome her til lands?
– I Noreg har vi hatt ei kraftig utvikling i retning likestilling sidan 1970-talet. Sysselsettinga blant kvinner har gått frå om lag halvparten til 80 prosent. Samstundes er deltakinga blant menn i omsorgs- og husarbeid gått opp. Tidsbruksundersøkinga syner at kvinner bruker meir tid på arbeidsmarknaden enn før, medan menn gjer meir heime. Samstundes er dei forskjellane som står igjen, mykje vanskelegare å gjere noko med, av di dei handlar om strukturelle barrierar og prioriteringar.
– Kva legg du i det?
– Fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Det handlar mykje om at kvinner er sysselsette i yrke med små stillingsbrøkar, som til dømes i helse- og omsorgssektoren eller hotell- og servicebransjen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.