Landbruk

Korn i krisetid

Klimaendringar. Pandemi. Krig. Priseksplosjon. Er det no Noreg skal lagre matkorn med tanke på matkrise?

Stavanger Havnesilo er det største kornsiloanlegget i landet og kan fungere som beredskapslager for matkorn, om politikarane vil.
Stavanger Havnesilo er det største kornsiloanlegget i landet og kan fungere som beredskapslager for matkorn, om politikarane vil.

På ei hamn i Stavanger kneisar fleire enorme kornsiloar i betong. Dei kan romme 195.000 tonn, eller 15 prosent av ei god norsk kornavling. Det gjer dei tre–fire gonger større enn andre store kornsiloar i Noreg og utan samanlikning til dei største i landet, ifølgje Felleskjøpet Agri, som eig anlegget.

Siloane vert nytta til korn, men ikkje for beredskapslagring, slik dei vart bygde for.

I eit rikt og fredeleg Noreg kan siloane verke feilplasserte. Dei ligg korkje i eit næringsområde eller i eit kornområde, men tek sjøutsikta frå eit bustadfelt, som kunne vorte utvida ut mot havet, truleg med god inntening. Også siloane kan verte bustader, nokre år fram i tid.

Bustad ved sjøen

Skjebnen til siloane har vore tema for debatt i mange år. Kritiske røyster, særleg i bondekrinsar, har åtvara mot å fjerne dei siloane som har vorte rekna som best eigna til å stå opp att som beredskapslager, om politikarane gjev klarsignal.

Slik saka står no, vil ein reguleringsprosess i kommunen avgjere om siloane skal romme folk i staden for korn, eller om dei skal jamnast med jorda og gje plass til andre former for bustader.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement