Kostbare kvinneplager

Nær éi av tre kvinner får store plager i overgangsalderen, men det er forska lite på korleis slike plager påverkar arbeidskapasitet og sjukefråvær.

I starten av mars leverte Christine B. Meyer rapporten frå kvinnehelseutvalet. Rapporten slår mellom anna fast at det kan vere eit stort og unytta samfunnsøkonomisk potensial i ei meir målretta satsing på helsa til kvinner i overgangsalderen.
I starten av mars leverte Christine B. Meyer rapporten frå kvinnehelseutvalet. Rapporten slår mellom anna fast at det kan vere eit stort og unytta samfunnsøkonomisk potensial i ei meir målretta satsing på helsa til kvinner i overgangsalderen.

Kvinnehelseutvalet la nyleg fram rapporten som slår fast at det er store helseskilnader mellom kvinner og menn, og at desse skilnadene ikkje er erkjende i utforminga av helse- og omsorgspolitikken. Ifølgje utvalsleiar Christine B. Meyer er dei større helseutfordringane for kvinner mellom anna knytte til at dei går gjennom større hormonelle endringar i ungdomen, gjennom svangerskap og fødslar og ikkje minst i overgangsalderen.

Og nett hormonendringane i overgangsalderen kan kome med større følgjer enn det samfunnet har teke høgde for, skal vi tru utvalet. I rapporten vert det i alle fall synt til at kvinner med sterke plager knytte til overgangsalder, kan ha lågare arbeidskapasitet, høgare korttidsfråvær og forhøgd risiko for å avslutte arbeidslivet før pensjonsalder. Ja, utvalet meiner endåtil det kan vere eit stort og unytta samfunnsøkonomisk potensial i ei meir målretta satsing på helsa til kvinner midt i livet.

Men når det står kan i alle dei tre setningane over, er det fordi det ikkje går an å vere særleg meir presis. Så langt er det nemleg forska lite på korleis overgangsplager verkar inn på kvinners arbeidsliv i Noreg. Sjukefråværsstatistikken er heller ikkje eigna til å avkrefte at overgangsplager kan ha negativ innverknad.

Skilnadene aukar

Dei fleste kvinner kjem i overgangsalderen når dei er mellom 45 og 55 år. Det er òg i om lag same tida det er størst skilnad i det legemelde sjukefråværet mellom kvinner og menn, når gravide er utelatne.

Det legemelde sjukefråværet er ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) høgare for kvinner enn for menn i alle aldersgrupper frå tidleg i 20-åra og til rundt 65-årsalderen. Når sjukefråvær knytt til svangerskap er inkludert, er skilnaden mellom kjønna størst i aldersgruppene mellom 26 og 45 år. Men utelèt ein sjukefråvær knytt til svangerskap, er kjønnsskilnaden størst mellom 39 og 50 år, om lag då mange kvinner byrjar å få symptom på overgangsalderen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement