Energi

Kraftmarknaden er ikkje som andre marknader

For ti år sidan byrja vi å subsidiera fram ny kraft. Kvart einaste år etterpå har vi investert meir i kraftforsyninga enn i norsk industri. Kostnadene betaler norske forbrukarar.

Kabelen til Storbritannia heiter North Sea Link (NSL). Han er underlagd ein litt underleg marknadskonstruksjon, som Statnett har laga eit eige notat om.
Kabelen til Storbritannia heiter North Sea Link (NSL). Han er underlagd ein litt underleg marknadskonstruksjon, som Statnett har laga eit eige notat om.
Publisert Sist oppdatert

Vinteren har vore uvanleg mild. Ja, så mildt har det vore at noko smått utruleg skjedde i midten av januar. Fyllingsgraden i magasina auka i eit stort område av landet. Kraftsone 3, som strekkjer seg frå Namdalen, ned i Gudbrandsdalen og bort til Sognefjorden, synte seg den 19. januar å ha fått ein auke i magasina på 1,5 prosent frå førre måling.

Vêrfenomenet Gyda gjorde at snøen smelta heilt til topps. På toppen av det heile fekk nokre område i Møre og Romsdal over 200 millimeter med regn på to dagar.

Det var ikkje berre magasina som fekk mykje vatn. Den reine elvekrafta fekk ein lang periode med full produksjon, og det midt på vinteren når elevane normalt er på det minste. Ja, så mild og fin har vinteren vore over store delar av Nord-Europa, at til og med vindturbinane har hatt gode vilkår. Nordsjøområdet har sett god og høg produksjon av vindkraft.

Her lyt vi hugsa at argumentet for dei nye utanlandskablane har vore at dei gjer oss alle rikare og gjev oss betre tilgang på straum. Vi skal importera vindkraft til låg pris når det blæs, og eksportera dyr magasinkraft i vindstille.

Ikkje slik

Det har ikkje heilt gått slik etter at dei nye kablane til Tyskland og Storbritannia vart opna. Om vi ser på det samla biletet for norsk kraftproduksjon, er det vanskeleg å konkludera med anna enn at særs mykje kapital dei siste ti åra har vorte nytta på feil stader og til feil tid, og at prisdanninga i straummarknaden ikkje fungerer etter intensjonen i store delar av Sør-Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement