Politikk

Krev svar frå Solberg

Arbeidarpartiet har bestemt seg for å stille spørsmål til fleire om utnemninga av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til ny fiskeridirektør.

Dag Terje Andersen vil stille spørsmål både til statsministeren, næringsministeren og forsvarsministeren.
Dag Terje Andersen vil stille spørsmål både til statsministeren, næringsministeren og forsvarsministeren.
Publisert

Dag Terje Andersen (Ap), som nå leier kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, seier til Dag og Tid at det er all grunn til å fylgje opp denne saka. Han fortel at han i komitémøtet tysdag opplyste om at han vil stille spørsmål til statsminister Erna Solberg (H) om kvifor ho har slege inn på ein heilt ny utnemningspraksis ved å utnemne sitjande statsrådar til nye embetsstillingar. Han vil også ha svar frå næringsminister Iselin Nybø (V) om hemmeleghaldet av søknaden frå Bakke-Jensen, og frå Bakke-Jensen (H) om det same.

Spørsmåla blir sende når Stortinget har fått oversendt regjeringsprotokollane for andre halvår 2020. Regjeringa har frist til 15. februar med å oversende protokollane, som det er kontroll- og konstitusjonskomiteen si oppgåve å granske. Andersen har tidlegare vore stortingspresident og er oppteken av korrekt embetsførsel.

Kritikken mot utnemninga av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til fiskeridirektør har auka i styrke etter at avgjerda frå Sivilombodsmannen i klagen som Dag og Tid fremja mot hemmeleghaldet av søknaden hans, vart kjent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement