Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.
Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.
Publisert Sist oppdatert

I byen vrimlar det no av feriegjester. Restaurantar og kafear, kinoar og teater er fulle. Frå tidleg morgon strøymer tusenvis av ferierande til strendene, og om kvelden går mange av dei på teater og kino.

Trass i hyppige granatåtak på Odesa og Odesa-regionen har det nasjonale jernbaneselskapet blitt nøydd til å setje opp eit dagleg ekstratog mellom Kyiv og Odesa. For det meste er det innbyggjarar i andre granatutsette byar som vel Odesa som feriemål: folk frå Kharkiv, Dnipro, Zaporizjzja og, sjølvsagt, Kyiv.

I varmebølgja som har råka landet, seier det seg sjølv at strand og sjø freistar. Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke.

Mykolaiv-fylket ligg nærare Krym, og er difor farlegare. Odesa fylke blir òg bomba frå Krym med ballistiske missil, men dei fell sjeldan ned på stranda. Dei viktigaste måla der er dei ukrainske hamnene og militær infrastruktur, inkludert luftvernsystem.

Ukrainarar på badeferie er gjerne reddare for russiske miner enn missil. Når dei høyrer eksplosjonar som kjem frå hamna eller andre delar av Odesa-regionen, trekkjer ein del ferierande seg vekk frå stranda ei stund, men dei vender snart attende for å nyte sol, sjø og strand.

Mangelen på ein klar plan for ein slutt på krigen har tvinga ukrainarar som ikkje er mobiliserte, til å finne ein balanse mellom sommarferie og krig. Ferie i Karpatane har vore vurdert som tryggare heilt sidan krigen tok til, og folk frå Odesa føretrekkjer ofte å dra dit. For dei er ein fjellferie først og fremst ei avveksling frå det daglege stresset med missil- og droneåtak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement