Krig

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Publisert

Russiske politikarar bestemde seg nyleg for å opne enda ein front. Men den nye fronten inneber ikkje å nedkjempe ukrainarar. No handlar det om ein kamp mot eigne borgarar – mot dei som yter «magiske tenester», trollmenn og -kvinner, astrologar, dei som driv med tarotkort, og andre klarsynte og healerar.

Aleksandr Spiridonov, som sit som representant i den russiske statsdumaen, er i ferd med å leggje siste hand på eit lovframlegg. Dersom det blir vedteke, vil det ikkje berre bety eit forbod mot å avertere «magiske tenester» i Russland, men òg eit forbod mot i det heile tatt å nemne dei som gjev slike tenester, i media. Dei som held fram med å yte slike tenester, vil det bli reist tiltale mot, og dei risikerer minst eit par år i fengsel.

Denne lova vedkjem ikkje berre tenesteytarane, men eit heilt segment av høgare utdanning i Russland, ettersom «astrolog» i praksis er ein offisiell profesjon, og astrologi blir praktisert av tusenvis av russarar som på lovleg vis har registrert private forretningsverksemder som arbeider i denne bransjen.

I Russland blir astrologar utdanna ved fleire private universitet, inkludert Moskva astrologiakademi, som opna rett før Sovjetsamveldet braut saman i 1990. Dette akademiet og liknande etablissement blir truleg nøydde til å stengje eller finne på noko anna.

Å bli astrolog i Russland krev eit fire år langt studium. Og no vil altså ein dumarepresentant, som dessutan støttar krigen mot Ukraina aktivt og ofte besøker dei okkuperte territoria, syte for at russiske astrologar og magikarar blir arbeidslause. Kan hende håper han at desperasjon vil få arbeidslause profetar og spåmenn til å underteikne kontraktar med det russiske militæret og gå ut i krigen mot Ukraina, der kanonføde er konstant mangelvare.

I Ukraina går situasjonen for «esoteriske tenester» i stikk motsett retning. Sidan slutten av fjoråret har det ukrainske parlamentet utsett eit lovframlegg om å legalisere profesjonelle innanfor astrologi, talmagi og tarot, men òg vanlege åndelege og personlege energifremjande øvingar, som yoga. Den nye lova vil syte for utdanning i desse profesjonane og sikre eit system som vil setje instruktørane betre i stand til å utdanne ukrainske spesialistar i «magiske tenester».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement