Krig
Krig utan sigerherrar
Krigen i Ukraina kan verte langvarig. Professor i statsvitskap Øyvind Østerud ser ulike vegar vidare, men berre éin som kan føre til fred.
Mange bur seg på langvarig krig i Ukraina. Dette biletet er teke den 8. juni og viser to ukrainarar nær byen Soledar i Donetsk-regionen.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Krigen i Ukraina har endra karakter sidan Putin invaderte nabolandet frå fleire frontar den 24. februar. Då var målet å «demilitarisere» og «denazifisere» Ukraina, truleg ved å velte det vestvende regimet i Kyiv leidd av president Volodymyr Zelenskyj.
Etter at dei russiske styrkane trekte seg ut av områda kring hovudstaden i april, har Putin omdefinert målet, som no ser ut til å vere å kontrollere Luhansk og Donetsk i Donbas-regionen i Aust-Ukraina.
Her har Russland sakte, men sikkert rykt fram og teke kontroll over stadig større landområde. Den 2. juni sa Zelenskyj til Reuters at dei russiske styrkane okkuperte om lag 20 prosent av Ukraina, og at frontlinjene i krigen var over 1000 kilometer.
Dei okkuperte områda dekkjer eit tjukt belte i Aust-Ukraina, frå byen Kharkiv i nord til Mariupol i sør, og vidare vestover til hamnebyen Kherson ved Svartehavet i sør. Dei okkuperte områda gjev Russland ei brei landbru over til den annekterte Krim-halvøya.
Russarane gjer no det dei kan for å russifisere dei okkuperte områda. I Kherson har dei innført rubelen som valuta og teke kontroll over internett, tv- og radiokanalar. Denne veka opplyste det russiskstøtta militæret at det vil verte halde folkerøysting om å innlemme området i Russland.
Det synest å vere semje om at Russland vinn fram, særleg fordi dei har betre tilgang på artilleri enn Ukraina hittil har hatt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.