Krig

Krig, vinter og ski

Det populære skisenteret Bukovel er klart til å ta imot feriegjester. Og snart vil dei dukke opp i bakkane i Aust-Karpatia. Fjella er alt dekte med snø, og ny snø kjem kvar dag.

Ukrainske soldatar og dyrevernarar freistar å få skremde hestar inn i dyretransporten som kan føre dei bort frå den krigsherja byen Avdijivka i Donetsk, der frontlina går.
Ukrainske soldatar og dyrevernarar freistar å få skremde hestar inn i dyretransporten som kan føre dei bort frå den krigsherja byen Avdijivka i Donetsk, der frontlina går.
Publisert

Kvar morgon blir gatene rydda av små snøplogar, medan restauranteigarane legg siste hand på menyen og tingar med dei som leverer ferske matvarer. Det er den lønsame sesongen som tek til, og sjølv om russiske missil og dronar uvegerleg kjem til å verke inn på planane deira, har dei lokale forretningsfolka sett seg føre å arbeide. Hotellprisane har gått litt ned, og nokre mindre velståande ukrainarar kan ta seg råd til ein vinterferie. Det ser likevel ut til at det er godt med pengar blant folk. Restaurantar i Odesa og Kyiv er fulle, og salet av nye bilar har nesten nådd nivået frå før krigen.

Likevel har dei som driv skisentera, gode grunnar til å uroe seg. I Bukovel er det no nesten katastrofal mangel på arbeidskraft: hotellfunksjonærar, kokkar, kelnerar, reinhaldarar, elektrikarar og røyrleggjarar. Det er 275 ledige jobbar i det vesle skisenteret. Arbeidsgjevarar er villige til å ta imot studentar utan erfaring og trene dei opp sjølve. Arbeidstakarar får fri kost og losji og rimelege løner.

Eg reknar med at kvinner som kan ta desse jobbane, alt er i full gang eller i utlandet. Sesongarbeidarar som jobba i Bukovel før krigen, er skrivne inn i militæret, og det kan vel ikkje vere tvil om at andre menn rett og slett er redde for å dra til denne «musefella i fjella», der folk som driv med militær registrering og innskriving, kan dukke opp kva tid som helst under ein kampanje for pålagd mobilisering. Det skulle ikkje undre meg om somme restaurantar og kafear blir gjorde om til sjølvforsyningsstader denne vinteren.

Det har alt falle snø i Odesa, men der blir han ikkje lenge, nett som i Donbas, der det heller ikkje har lege snø lenge. Det har regna i Aust- og Sør-Ukraina, og vegane utan asfalt har blitt uframkomelege for alt anna enn militært utstyr, som òg sklir hit og dit på dei.

Krigshandlingane held fram. Det har ikkje blitt rolegare kring Avdijivka, ein by dei russiske styrkane har prøvd å erobre i fleire månader. Tusenvis av russiske soldatar har alt døydd der, men leiinga sender stadig inn forsterkingar, ofte utan støtte frå stridsvogner og pansra personellkøyretøy. Og nye lag av russiske soldatar kravlar mot ukrainske stillingar gjennom dei gjørmete markene der det ligg døde russiske soldatar frå før.

Russisk artilleri feiar omhyggeleg byen vekk frå jordoverflata, sjølv om det framleis bur over tusen menneske i kjellarane til bustadblokkene og dei private husa. I førre veke minska folketalet i ruinane med hundre individ som endeleg godtok å evakuere og bli flytta lenger vekk frå fronten av det ukrainske politiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement