Krig
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Ruslan Gorovij og venene hans besøkte landsbyar i Kyiv-regionen straks etter at dei var frigjorde frå dei russiske okkupantane våren 2022. Dei spurde innbyggjarar i landsbyane kva problem dei hadde, og kva hjelp dei trong.
Dei frivillige var særleg opptekne av dei som var blitt heimlause eller sat med svært raserte hus. Det var tidleg vår. Det var kaldt. Bustadene som vart øydelagde av brann og eksplosjonar under kampane som rasa dei første vekene av krigen, var utan oppvarming og ofte utan vindauge. Somme klarte å dekkje til vindauga med finerplater og fann omnar til å varme opp huset.
Stort sett var dei som framleis budde i desse ein gong okkuperte landsbyane, pensjonistar med dårleg helse, ute av stand til å hanskast med dei ekstreme tilhøva som krigen hadde skapt i samfunnet deira.
Som eit resultat av besøka la Ruslan Gorovij alle sine vanlege gjeremål til sides og byrja samle inn pengar for å hjelpe dei som lid under krigen. Han jakta på gamle kjøleskap og gassomnar, henta dei hos folk som var villige til å dele, og leverte dei til folk som sat der med ingen ting. Kvar dag køyrde han 200–300 kilometer i bilen sin for å levere hushaldsutstyr og byggjemateriale, klede og møbel til dei frigjorde landsbyane.
Gorovij såg ut til å vere på farten heile tida, og truleg var det difor han fekk klengjenamnet «sigøynaren» blant landsbyfolket – eit klengjenamn som har festa seg så godt at han nyttar det om seg sjølv.
Den første seinvinteren under fullskalakrigen hjelpte han òg folk med ved til oppvarming. I mars og april 2022 kjøpte og leverte han 34 lastebillass til innbyggjarane i Mosjtsjun, Lypivka og fleire andre landsbyar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.