Kommentar

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Publisert Sist oppdatert

Denne veka var det 1000 dagar sidan Vladimir Putin sleppte fullskalakrigen laus over det ukrainske folket. Åtaket har kosta Ukraina dyrt. Fleire titusen soldatar er drepne, fleire titusen sivile er døde, og delar av Ukraina er fullstendig øydelagde.

Om lag ein femdel av Ukraina er okkupert av Russland, og nesten sju millionar menneske har forlate landet. Dei fleste av dei kjem neppe attende, slik at Europas nest største land blir utsett for ei enorm tapping av talent og arbeidskraft. Ein heil generasjon vil sitja igjen med tunge psykiske utfordringar.

Slik det ser ut i dag, kan det godt henda at krigen – i alle fall på kort sikt – kjem til å enda med at territoriet til den ukrainske staten blir noko mindre enn det var før 2014.

Samansveisa folk

Men Ukraina som stat og samfunn kjem til å overleva. Fleire år med russisk krig og terrorbombing har sveisa det ukrainske folket saman. Dei er einige om at dei ikkje vil bli ein del av den russiske staten. Dei fleste ukrainarar ser for seg ei framtid som eit europeisk land, med sjølvstende og demokrati. Altså eit land der staten mest mogleg lèt borgarane i fred, og der retten til å vera usamd med fleirtalet er garantert.

Men korleis er det med Russland? Meir enn tre og eit halvt år inn i fullskalakrigen blir landet styrt einveldig av ein mann som er etterlyst internasjonalt for krigsbrotsverk. Alle borgarlege rettar er avskaffa. Kritikk av krigen, sjølv i private rom, kan bli straffa med fleire år i fengsel. Krigen sluker mellom ein tredel og ein halvpart av utgiftene til staten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement