Kommentar

Krigens røyndom

Mykje av kritikken mot Ukraina-rapporten til Amnesty er urimeleg. Å varsle om brot på folkeretten er ikkje ein popularitetskonkurranse.

Ein frivillig nummererer krossane ved ei massegravferd 17. august for uidentifiserte offer for dei russiske okkupasjonsstyrkane som herja i Butsja i Kyiv-regionen i Ukraina i den første fasen av invasjonen .
Ein frivillig nummererer krossane ved ei massegravferd 17. august for uidentifiserte offer for dei russiske okkupasjonsstyrkane som herja i Butsja i Kyiv-regionen i Ukraina i den første fasen av invasjonen .
Publisert

Ein rapport frå menneskerettsorganisasjonen Amnesty International oppmoda nyleg dei ukrainske styrkane om å ta meir omsyn til eiga sivilbefolkning for å skåne dei frå kamphandlingane mot russiske invasjonsstyrkar. Rapporten har fått massiv kritikk. Amnesty har blitt skulda for å vere «ukloke», «lite taktfulle» og for å kome med ein «svak» rapport på eit «upassande tidspunkt». Kva skjedde eigentleg her?

Amnesty er ein internasjonal aktivistorganisasjon som vil påverke statlege aktørar for å hindre brot på menneskerettane. Denne organisasjonen er ingen nøytral instans som driv med etterforskingsarbeid. Rolla deira er ei anna. Amnesty tek opp saker for å få merksemd om eit tema slik at mektigare instansar kan plukke opp sakene. Slik har Amnesty òg handla denne gongen.

Rapporten har fått kritikk for å vere knapp og byggje på tynt grunnlag. Men Amnesty skriv ofte korte rapportar som er meint som eit varsku om ei sak. Rapportane skal påverke andre aktørar, til dømes statar, selskap, eller meir autoritative undersøkingsgrupper til å gå ei sak nærare etter i saumane. Slik sett er Amnesty ein varslarorganisasjon for menneskerettar. Rapportane deira skal ikkje sjå ut som dommar frå internasjonale tribunal. Det er ikkje formålet, og dei har heller ikkje ressursar til å gjere noko slikt.

Sensitivt

Mykje av kritikken mot Amnesty har handla om at rapporten er politisk sensitiv og kjem på eit uheldig tidspunkt. Men å varsle om brot på menneskerettane eller folkeretten er ikkje ein popularitetskonkurranse. Rapportar frå varslarorganisasjonar som vil kjempe for menneskerettane, må kome nett når dei kan påverke. Det er slik Amnesty opererer. Sjølvsagt er det sensitivt.

Mange seier òg dei er skuffa fordi dei hadde venta seg meir nøytralitet frå Amnesty. Men slik er det i alle væpna konfliktar der Amnesty rapporterer. Kritikk mot éin part i ein væpna konflikt vil alltid tene den andre parten på ein eller annan måte. Det er ikkje formålet, men normalt ein bieffekt av verksemda. Amnesty har fått kritikk for det rapporten seier om ukrainske styrkar, men særleg for det rapporten dermed signaliserer om russiske styrkar. Det same gjeld for Amnestys rapportar om brot på folkeretten i konfliktar som til dømes i Syria, Libya, Myanmar eller Sør-Sudan (lista er lang). Her heime kjenner vi ikkje partane og dynamikken i væpna konfliktar langt unna, og vi ser ikkje dei politiske følgjene slike rapportar har. Men krigen i Ukraina er annleis. Vi kjenner rammene for konflikten, og vi held med ukrainarane. Då vert det synleg for oss kva slags effekt ein slik rapport kan ha. Men slik er det altså alltid når Amnesty skriv rapportar om brot på menneskerettane og folkeretten i væpna konfliktar. Det ligg i krigens natur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement