Utanriks
Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria
SYRIA: Kva slags krig fører Tyrkia i Syria? Kva er målet? Ei rundreise i nordlege Syria i august gav meg berre delvis svar.
Onkel og nevø som eg møtte i det utbomba huset deira i byen Zrgan to dagar etter eit tyrkisk åtak.
Foto: Erling Folkvord
I løpet av to veker såg eg resultata av krigshandlingar i byar og landsbyar. Berre tre av dei angrepa i august som eg fekk vite om, var retta mot militære anlegg eller militært område. Før eg reiste frå Syria, bad eg om hjelp frå ein journalist i Ronahi, ei avis som blir utgitt på arabisk og kurdisk. Kunne ho samle alle meldingane om angrep på sivile i løpet av august? Ho lova å prøve.
Rapporten ho sende meg, er eit samarbeid med nyhendebyrået Hawar, som har medarbeidarar i heile det sjølvstyrte området i Syria og kjelder i nokre okkuperte landsbyar. Både Ronahi der dei fleste medarbeidarane er kvinner, og Hawar starta opp etter det kurdiske opprøret mot Assad-regimet i 2012. Eg lit på at opplysingane deira er til å stole på. Tyrkiske styresmakter, derimot, seier at begge er underbruk av PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet).
Les tilsvaret frå den tyrkiske ambassaden her.
Det blir sagt at sanninga alltid er første krigsoffer. Eg trur knapt det finst objektiv rapportering om korleis krig går ut over sivile. Dei okkuperte og okkupasjonsmakta har ofte ulike versjonar. Omtale av norske sabotasjeaksjonar under den tyske okkupasjonen gir mange eksempel. Aftenposten, som okkupasjonsmakta lét kome ut, og illegale motstandsaviser hadde ulike versjonar.
Rapporten eg fekk, dekker 27 dagar i august og er utarbeidd av journalistar som er mot okkupasjonen.
Alle slags våpen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.