Krigståka

Rakettnedslaget i Polen kan paradoksalt nok tene interessene til både Ukraina og Russland.

Polsk personell leitar etter spor i krateret etter eksplosjonen i den polske byen Przewodow, nær grensa til Ukraina, 16. november 2022.

Kommentar

Publisert Sist oppdatert

To missil produserte i Russland har landa i Polen og drepe to polske statsborgarar. Nato-alliansen har vore klar på at Nato-territorium er den raude streken, og at åtak her vil bli møtt med full kraft. Men det er neppe no krigen spinn ut av kontroll.

Amerikanarane, som har dei beste auga på himmelen, kom raskt på banen og gjorde klart at missila ikkje kom frå russisk territorium. Berre timar etter hendinga vart den største porten til ein farlegare krig lukka av Washington. Likevel er alternativa mange.

Feilbombing

Det kan dreie seg om ei feilbombing frå russisk hald i Ukraina. Denne veka har russarane sett i verk det største missilregnet over Vest-Ukraina sidan invasjonen i februar 2022. Så langt i krigen har likevel Russland passa på å nytte presise våpen når åtak nærmar seg Nato-grensa i vest. Dei skitnaste våpena har vorte nytta mot ukrainarar lenger aust. Men Moskva har ikkje endelaust med presise (og dyre) våpen. Det sørgjer kombinasjonen av intens russisk uthalingskrig og målretta vestlege sanksjonar for. Feilbombing er vanlegare når våpena er dårlegare.

Missilnedslaget i Polen kan òg vere resultatet av ei ukrainsk feilbombing. Ukrainske luftvernsystem nyttar gjerne sovjetproduserte stridshovud. Men ukrainarane har òg vestlege luftvernsystem. Den amerikanske forsvarsleiinga var raskt ute og informerte om at dei vestlege Nasams kan vise til 100 prosent treffrate i Ukraina. Føremålet var ikkje primært reklame for vestlege våpensystem, men snarare å avskjere alle skuldingar om at amerikanske våpensystem blir «nytta til åtak mot Nato-territorium».

Same dag som missila slo ned i Polen, bad Biden om ein ny støttepakke på 37 milliardar dollar til Ukraina. Støtteviljen på den andre sida av Atlanterhavet vil få seg eit kraftig skot for baugen om vestlege system skulle vere impliserte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement