Kristendemokrati og kommunisme
I revidert nåtid slit KrF og Raudt med historiske røter, klisjear og røyster frå fortida.
KrF-leiar Olaug Vervik Bollestad og Raudt-leiar Bjørnar Moxnes inviterer begge til landsmøte i helga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Kristeleg Folkeparti og Raudt har landsmøte denne helga, Raudt i oljebyen Stavanger, KrF til Hamar som slakt. Dei er alen av same stykke, men i kvar sin ende. Dei er parti for truande i eit politisk og religiøst sekularisert samfunn. Dei er identitetskulturar med drag av sekt. Dei er ideologisk og moralsk baserte, med hang til forvaltaransvar for verdiar som får fram «hovedmotsigelsen». I sjølvoppfatning kan dei vera breie folkeparti, men med klar profil.
Når dei blir råka av røynd, er dei nær den parlamentariske utgangsdøra; dei er sperregrenseparti. Men KrF har ei betre redningsbøye ettersom dei trufaste kjerneveljarane er samla i geografiske nisjar.
DEI TO PARTIA har, eller har hatt, sine gudar og frelsarar: Marx og Mao, Gud og Jesus. Og sine truvedkjenningar: KrF med Bibelen og dei kristne verdiane, Raudt med klassekamp og eit sosialistisk samfunn.
KrF har revidert partiprogrammet og bruker merkelappen «kristendemokratisk», som dei prøver å forklara med framandorda «personalisme» og «subsidiaritet». Det postkommunistiske Raudt har grønvaska programmet og tatt ein ryddesjau i den revolusjonære retorikken, men held i live ein rik klisjéflora. Og dei har freda sluttsatsen: «Grunnprinsippet er ’yte etter evne, få etter behov’. Det var dette Karl Marx kalte kommunisme.»
RANKE OG REINE vil dei vera, men også innstilte på samarbeid. KrF har vore med i alle borgarlege samlingsregjeringar det har vore mogleg å vera med i. Men Vertinna minnest at gamlehovdingen Kjell Bondevik slo fast at partiet hadde sine ukrenkelege hjartesaker og ikkje ville selja førstefødselsretten for ein linsevelling. (1 Mos 25,31–34). Det var i kamptida om abortlova då KrF tapte og ville vera vekkerop i fri stilling, men det gjekk raskt over. Nå diskuterer dei å godta sjølvbestemt abort og dela ut gratis prevensjon til unge jenter.
Dei fordoms antireformistiske og utanomparlamentariske slår fast at «Rødt er en maktfaktor i politikken». Dei er del av det såkalla raud-grøne styringsgrunnlaget i fleire kommunar, til dømes i Oslo, men ikkje på Stortinget. Draumen dei ber på, er ikkje forpliktande koalisjonar, men å vera på vippen og påverka gjennom faste samarbeidsavtaler.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.