Kritikken råkar særleg Venstre

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget retta denne veka samrøystes kritikk mot hem-meleghaldet av søknaden frå forsvarsminister Frank Bakke-Jensen på stillinga som fiskeridirektør.

Publisert

Dette er også det einaste punktet for kritikk der komiteen er samla i det komiteen viser til i fråsegna frå Sivilombodsmannen. Utan denne fråsegna, som var framprovosert av ein klage mot Nærings- og fiskeridepartementet frå Dag og Tid mot hemmeleghaldet av søknaden, hadde den samrøystes kritikken truleg ikkje kome.

Kritikkverdig

Under klagebehandlinga peika vi nettopp på at det er ekstra grunn til innsyn når det er ein regjeringskollega som, i strid med fast statsskikk, søker ei ny offentleg stilling. Dette slo også Sivilombodsmannen fast i fråsegna si, medan næringsministeren hadde argumentert sterkt imot.

Kritikken råkar både næringsminister Iselin Nybø (V), som valde å hemmeleghalde søknaden heilt til Bakke-Jensen vart utnemnd, og Bakke-Jensen (H) sjølv, som bad om å få vere anonym. Men kritikken råkar også statsminister Erna Solberg (H) som må ha vore klar over at søknaden vart halden hemmeleg heilt til utnemninga skjedde meir enn tre månadar etter at søknaden var levert. Solberg godkjende at Bakke-Jensen søkte, før søknaden vart levert.

Under høyringa om saka i kontrollkomiteen 9. april i år gav statsminister Solberg uttrykk for at søknaden ikkje burde vore hemmeleghalden. Det synspunktet verkar tilpassa avgjerda frå Sivilombodsmannen, når ho må ha vore klar over at søknaden faktisk vart hemmeleghalden. Ho må i det minste ha undra seg over at søknaden ikkje vart kjend – utan å handle.

Brot med partilina

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement