Kritisk viktige råstoff på dynga
Elektronisk avfall inneheld mineral og metall til svimlande verdiar, framskaffa ved naturinngrep over heile verda. Likevel går berre ein brøkdel av dei inn i nye produkt.
Her samlar ein tilsett ved eit resirkuleringsanlegg i Nairobi i Kenya krinskort frå mobiltelefonar for å resirkulere dei.
Foto: Ben Curtis / AP / NTB Foto: Ben Curtis/ AP/ NTB
Her samlar ein tilsett ved eit resirkuleringsanlegg i Nairobi i Kenya krinskort frå mobiltelefonar for å resirkulere dei.
Foto: Ben Curtis / AP / NTB Foto: Ben Curtis/ AP/ NTB
Mineral
christiane@dagogtid.no
Vi har dei i skuffar og skap, på loft og i kjellarar: mobiltelefonar med dårleg batteri, nettbrett med utgått programvare eller knust skjerm, datamaskinar som ikkje lenger er i bruk.
I røynda er roteskuffane våre med kassert elektronisk utstyr små smykkeskrin. Attbruksstasjonane er skattekister, og samanlagt har vi heile gruver med verdifulle råstoff gøymde i skuffar, hus og byar, på avfallsstasjonar og fyllingar.
Berre i éin smarttelefon kan vi finne over 70 ulike råstoff. Eitt tonn mobiltelefonar vil innehalde om lag 300 gram gull, tre kilo sølv og 100 gram kopar, samt sjeldne metall som platina, ruthenium, indium og vismut, ifølgje returselskapet Renas. Ein liten del av råstoffa vert brukt i nye produkt, men langt større verdiar går tapt.
Dramatisk vekst
Dag og Tid har i fleire artiklar skrive at etterspurnaden etter ein lang rekke mineral og metall vil auke dramatisk i åra som kjem, og at dette skaper store dilemma for EU og Noreg.
Den grøne vendinga, folketalsauken, velstandsauken og den digitale revolusjonen er alle utviklingstrekk som aukar trongen etter råstoff frå gruvedrift. Dermed har EU og Noreg gjort seg avhengige av land som Kina og Kongo, som produserer kritisk viktige råstoff som sjeldne jordartar og kobolt, heilt nødvendige for å produsere grøn teknologi til vindmøller og elbilar.
Både EU og Noreg legg planar for å auke leveringstryggleiken og produksjon på eiga jord. At Solberg-regjeringa i vår starta ein opningsprosess for mineralverksemd på havbotnen i områda mellom Jan Mayen og Svalbard, er eit tydeleg døme.
Det er i denne situasjonen miljøorganisasjonar og andre aktørar hevar røysta og spør kor grøne dei såkalla grøne minerala er, dersom utvinninga av dei krev at landområde og økosystem vert skadde og kanskje øydelagde, og dersom ei massiv gruveutbygging kan verte overflødig om vi stoppar forbruksveksten og styrker satsinga på såkalla urban mining, det vil seie attvinning av mineral frå ferdige produkt.
Har dei eit poeng?
– Ikkje grønt
Naturvernforbundet er ein av organisasjonane som har eit restriktivt syn på gruvedrift. Forbundet har kjempa mot oppstart av gruvedrift i Førde og Repparfjorden og for forbod mot sjødeponi og bedt om eit midlertidig forbod, eit moratorium, mot gruveverksemd på havbotnen på den norske sokkelen.
– Vi meiner urban mining må vere det berande. Produkt må verte laga slik at mineral og metall skal kunne brukast om igjen. Elektroniske produkt er blant verstingane når det gjeld kort levetid. Det er eit enormt forbruk og ting som vert kasta. Mykje vert brukt igjen, men absolutt ikkje nok, seier generalsekretær Maren Esmark.
– Kva tenkjer du om at minerala er nødvendige for å utvikle teknologi for det grøne skiftet?
– Det kan ikkje kallast eit grønt skifte om gruvedrift øydelegg naturen. Det gjeld over heile verda. Det finst frykteleg mange gruver som er skadelege for miljøet og der arbeidsforholda er forferdelege. Å rydde opp i gruveindustrien må vere ein føresetnad for i det heile tatt å snakke om å auke produksjonen, seier ho.
Biologiprofessor og forfattar Dag O. Hessen prøver i boka Verden på vippepunktet å sjå klimakrisa og biomangfaldskrisa i samanheng.
– Eg prøver å gjere eit poeng av at noko kan vere grønt etter eitt sett med kriterium, men ikkje eit anna. Gruvedrift er eit godt døme. Om det krev inngrep i ein nasjonalpark i Kongo, er det vanskeleg å kalle det grønt. Eg trur også det vil verte eit stort press etter mineralutvinning på havbotnen. Ein kan ikkje gå einøygd inn i dette og tenkje at det er bra, seier han.
Den einaste løysinga, slik Hessen ser det, er å ikkje tillate ein vekst som tappar jorda for store ressursar i form av metall og mineral.
– Nokre av elementa må vi bruke. Då er resirkulering bra, men det er ofte lettare sagt enn gjort. Vi må seriøst tenkje gjennom forbruket vårt. Ein kan ikkje tenkje at veksten skal fortsetje sjølv om han er grøn etter eitt sett med kriterium.
Ressursutmatting
Nøyaktig kor mange av minerala i kasserte produkt som vert resirkulerte eller brukte om igjen, er vanskeleg å finne tal på, sidan mineral og metall finst i fleire ulike avfallskategoriar.
I 2011 undersøkte det internasjonale ressurspanelet attvinningsgraden på 60 ulike mineral og fann resultatet nedslåande. «Det sirkulære samfunnet ser ikkje ut til å vere noko anna enn eit fjernt håp», skriv dei i rapporten, som viser at mindre enn ein tredel av minerala dei undersøkte, hadde ein resirkuleringsgrad på meir enn 50 prosent. 34 råstoff hadde ein attvinningsgrad på mindre enn éin prosent, sjølv mineral som er avgjerande for å utvikle rein teknologi, blant dei dei sjeldne jordartane.
Oversikt over ee-avfallet i verda fortel ei historie om at det ikkje berre er grøn teknologi som krev mineral. Tala viser derimot at både industrien og forbrukarane sløser med minerala vi vinn ut.
– Mengda ee-avfall har auka tre gongar raskare enn verdsbefolkninga og 13 prosent raskare enn bruttonasjonalproduktet i verda dei siste fem åra. Den sterke auken legg press på miljø- og helse og viser at det hastar med å kombinere den fjerde industrielle revolusjonen med sirkulær økonomi, uttala presidenten i International Solid Waste Association (ISWA) Antonis Mavropoulos då tala for ee-avfallet i 2019 vart lagt fram i slutten av juni.
– Den fjerde industrielle revolusjonen vil anten fremje ei ny sirkulær økonomitilnærming eller føre til ytterlegare ressursutmatting og nye forureiningsbølgjer, sa han vidare.
Milliardar på dynga
I 2019 sette verdsbefolkninga ny rekord i mengde ee-avfall, ifølgje The Global E-waste Monitor 2020: 53,6 millionar tonn. Vekta skal tilsvare 350 cruiseskip.
Berre 17,4 prosent av ee-avfallet på verdsbasis vart dokumentert innsamla og resirkulert i fjor. 82,6 prosent hamna altså utanfor den kontrollerte avfallsstraumen.
Ifølgje oversikten inneheldt ee-avfallet gull og andre råstoff verde om lag 483 milliardar kroner. Den innsamla delen av avfallet inneheldt 4 millionar tonn gull og andre råstoff, til ein verdi av over 90 milliardar kroner.
Med utgangspunkt i desse tala kan ein altså rekne med at viktige råstoff verde 393 milliardar kroner fann vegen til ukontrollerte dynger, og det berre i løpet av fjoråret og berre i ee-avfallet. I tilegg kjem store mineralverdiar i bilvrak og andre kategoriar.
Potensial og hinder
Kva er potensialet? I januar la EU-finansierte forskarar frå Universitetet i Bologna fram estimat som viser at effektiv resirkulering av ee-avfallet i Europa i dag kan dekke opp mot halvparten av den årlege etterspurnaden etter mineralsk råstoff. Ei slik attvinning vil også kunne redusere energien og drivhusgassane i primærproduksjonen med kring 80 prosent.
Potensialet er altså enormt, men hadde det ikkje vore høge hinder, ville vel resirkuleringa vore big business for lengst?
Rapporten ramsar opp ei lang liste hinder: kostnaden ved å etablere fabrikkar for resirkulering, at produkt må verte produsert med tanke på at ulike element skal kunne skiljast frå kvarandre, manglande kunnskap om kva for produkt som inneheld viktige råstoff, og korleis dei skal hentast ut, og manglande innsamlingsordningar for ee-avfall.
Dumping i Afrika
Éin som ser dei enorme mengdene ee-avfall på nært hald, er direktøren i Renas, Bjørn Arild Thon.
Nordmenn kastar svært mange elektroniske produkt. Medan snittet i verda var 7,3 kilo ee-avfall per hovud, var snittet i Europa 16,2 kilo i fjor. Snittet i Noreg var heile 26 kilo per person, men sidan talet inkluderer kasserte industriprodukt, kan det ikkje samanliknast direkte med statistikken frå dei andre landa. Når det gjeld avfallssystemet, er det langt betre i Noreg enn i dei fleste andre land i verda. Thon seier returselskapet vinn att om lag 80 prosent av det som vert samla inn, men at attvinningsgraden varierer sterkt ut frå type produkt.
Prosentdelen seier sjølvsagt også berre noko om produkta som faktisk vert samla inn. For eitt år sidan avslørte NRK at store mengder ee-avfall vert fjerna frå returpunkta og smugla ut av landet, til afrikanske land som Nigeria og Gambia. Det er kjent at ee-avfall vert dumpa i afrikanske land, der det vert handtert av ukontrollerte føretak med store konsekvensar for miljø og helse.
At eit produkt vert vunne att, tyder heller ikkje at alle råstoffa vert brukt igjen.
Ikkje lønsamt
– Mesteparten av det som finst av stål, jern, aluminium og kopar, vert vunne att. Dette er prosessar som er bygde opp over tid og som vert gjennomførte heile tida, seier Thon.
– Kva med alle dei andre minerala?
– Edle metall som gull og sølv vert teke ut i stadig større grad. Då snakkar vi om kretskort i elektronikk og mobiltelefonar som inneheld gull og palladium. Så har vi det vi kallar spormetall, som kjem i veldig små førekomstar. Om ein mobiltelefon inneheld 40–50 grunnstoff, vert kanskje ti av dei systematisk vunne att.
Sjølv om enkelte store bedrifter spesialiserer seg på å vinne att ulike mineral, forsvinn ein del av minerala under prosessen der metall som gull og kopar vert tekne ut, seier Thon.
– Kva skjer med dei sjeldne jordartane som vert vunne ut i Kina?
– Dei vert borte. Attvinninga er tilnærma lik null. Det finst ikkje teknologi som gjer det lønsamt å ta dei ut, det har ikkje vore fokus på det, og dei som handterer avfallsstraumen, har investert enorme summar på prosessane sine, som ikkje lèt seg endre i ein fei. Det finst ikkje insentiv til å gå den vegen. Dette er ein kapitalkrevjande og konservativ bransje med små marginar. Fleire er i ferd med å få auga opp for dette, men ting tek tid. Det er små førekomstar, og investeringane vert så store at det ikkje løner seg.
– Dette kan synest paradoksalt når ein veit at minerala er i produkta, og alternativet er å grave etter mineralførekomstar i gruver.
– Det er nokre paradoks her, men pris er drivande. For halvanna år sidan var eg i Japan og snakka med ein av dei største produsentane som bruker sjeldne jordartar. Eg spurde konsernleiinga over bordet om dei ville vere villige til å betale litt meir for å trygge tilgangen på råvarer. Bakteppet var den geopolitiske situasjonen, der Kina er dominerande leverandør. Dei berre såg dumt på meg, som om dei ikkje forstod spørsmålet. Pris avgjer. Og om det er store miljøkostnader i Kina, driv dei lovleg verksemd.
Thon seier regelverket for ulike typar avfall også fører til at enorme råstoffverdiar går tapt. Til dømes er reglane for bilvrak heilt andre enn for ee-avfall.
– Ein bil vert vunnen att, men mykje går tapt. Ut frå litteratur eg har lese, har eg kome fram til at vi tapar gull verd milliardar berre i bilvraking i Europa kvart år.
Lang veg fram
EU la fram ein handlingsplan for sirkulærøkonomi i mars. Handlingsplanen inneheld 35 tiltak som skal verte lagde fram dei neste tre åra, mellom dei eit rammeregelverk for berekraftige produkt. EU tek utgangspunkt i reknestykke som viser at opp mot 80 prosent av miljøkostnaden til eit produkt ligg i designet bak.
EU-kommisjonen vil også fremje ein elektronikkstrategi for å gjere noko med den sterkt aukande avfallsstraumen og regulere bilbatteri og bilelektronikk betre. I Noreg er det no etablert ei verksemd som vinner att kasserte bilbatteri.
Sett frå Thons ståstad, tar arbeidet med å utvikle ein sirkulærøkonomi altfor lang tid. Han ser eit stort potensial i resirkulering, men på same tid er han oppteken av at vi ikkje kan tru at vi skal kunne «attvinne» oss inn i framtida.
– Attvinningsindustrien reddar ikkje verda, for avfall viser berre alt det gale vi har gjort før. Endringa må skje i startleddet, i korleis produkt vert designa og produserte. Vi må starte med krav til produsenten. Ingen bryr seg om dei kjøper sjeldne jordartar som har lagt enorme område i Kina i ruinar, for det ser vi ikkje. Alt vi ser er ei fin innpakning, som vi er veldig flinke til å leggje til attvinning. Om produktet er laga slik at det kan reparerast, ombrukast og vinnast att, ser vi ikkje.
Batteri
Per Helge Høgaas, senior forretningsutviklar i Sintef, ser på attvinning som ein del av løysinga på mineraltrongen og seier det går føre seg mykje forsking på korleis det kan verte lettare å resirkulere metall og mineral frå brukte batteri.
Likevel trur han ikkje det finst nokon veg utanom å framskaffe nye førekomstar av mineral dersom den grøne vendinga skal gjennomførast slik styresmaktene ser for seg.
Ifølgje reknestykka til EU vil til dømes etterspurnaden etter sjeldne jordartar verte tidobla fram til 2050. Til energilagring og elbilbatteri vil EU trenge 60 gonger meir litium og 15 gonger meir kobolt enn i dag.
– Det er framleis utfordrande å få god effekt av urban mining på batteri. Skal ein auke produksjonen av batteri vesentleg, og det må ein om ein skal auke el-transporten, må ein vinne ut nye førekomstar. Det er det ikkje nokon tvil om, seier han.
– Det kan ikkje kallast eit grønt skifte om gruvedrift øydelegg naturen.
Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet
Bakgrunn
Mineral og metall
Dag og Tid har skrive ein artikkelserie i tre delar om mineral og metall.
Etterspurnaden aukar kraftig fordi mineral og metall er viktige råstoff til teknologi knytte til det grøne skiftet og den digitale revolusjonen.
I Europa er ein uroa for leveringstryggleiken, fordi Kina er ein dominerande leverandør.
Utvinning er omstridd fordi gruvedrift inneber store naturinngrep.
Dette er artiklane i saka:
23. oktober: «Opnar skattekista på havdjupet», om havbotnmineral på norsk sokkel.
30. oktober: «Vi gjer ikkje gull av gråstein», om satsinga på gruvedrift i Noreg.
13. november: «Kritisk viktige råstoff på dynga», om resirkulering og gjenbruk av mineral og metall.