Kommentar
Kunnskapskrisa
Pisa-rapporten kan syne at grunnutdanninga i Vesten feilar.
Direktør i Utdanningsdirektoratet Morten Rosenkvist, kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og forskar Fredrik Jensen frå Universitetet i Oslo då Pisa-rapporten vart lagt fram.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Over 80 land er med i Pisa-testane. Ein veklage stig no opp frå mest alle dei 38 medlemmene av OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, der Noreg er medlem sidan 1961. Nærare ein tredjedel av norske elevar i 15-årsalderen meistrar ikkje naturfag, matematikk og lesing (der lesing er sett som del av ei allmenn kommunikativ orienteringsevne). Dei er langt frå aleine om det. Kva er så denne tilstanden eit varsku om?
Pisa måler ikkje skuledugleikar. Testen er meint å syne korleis ungdom innstiller seg på å forstå vilkåra for livsmeistring ut frå kunnskap dei tileignar seg. Det kan verke vilkårleg at nett dei tre kunnskapsområda er valde ut for testing; praktiske og estetiske fag er såleis utelukka.
No kjem dei norske resultata rett inn i debatten om ein meir praktisk-orientert skule. Ei kanadisk undersøking med eit gedigent stort materiale synte elles i 2019 at engasjerte musikkelevar yter betre i matte, engelsk og realfag.
Pisa-rangeringa fører til samanlikningar. Med 474 poeng i skår er Noreg likt med Kroatia og åtte under gjennomsnittet på 482, fire under Frankrike og 21 under Finland. Estland markerer seg fremst av europearane, men Storbritannia (494) har overvunne gamle vanskar der dei før sleit med skuleresultata, og seier sjølve dei har bygd ei god lærarutdanning.
Vesten ser allment ut til å ha utfordringar. Asiatiske land formar høgste standardane. Singapore (560), Macau (535), Taiwan og Japan (533), Sør-Korea (523) og Hong Kong (520) kjem alle framfor Estland (516). Sveits (498) og Nederland (480) held seg på nivåa der dei har vore.
Resultata er særs interessante, såleis òg framgangen for Storbritannia, og bør gje opphav til mange samanliknande studiar om tilstandane i skulevesenet kringom. Såleis òg om tilhøvet mellom OECD, Pisa og nasjonale læreplanar. Her trengst drøftingar om det er OECD som bommar, eller om testregima slår feil ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.