Kunstig intelligens i oppdrettsnæringa
SAN FRANCISCO / PALO ALTO: Data kan ikkje erstatte olje, men effektiv innsamling og bruk kan gjere at verdiskapinga frå datahandtering kan passere verdiskapinga frå petroleumssektoren om ti år. Ein teknolog som møtte fiskeoppdrettarar, syner korleis.
Bryton Shang leier selskapet Aquabyte. Han tok kunnskapen sin om algoritmar og datalæring med seg frå Silicon Valley til Vestlandet.
Foto: Aquabyte
Det er konsulentselskapet Menon som meiner at data som innsatsfaktor i digitale prosessar vil kunne doble seg innan ti år. Sjølvsagt blir ikkje datakunnige medarbeidarar i ulike verksemder like lønsame for Noreg som petroleumsarbeidarane har vore. Men verdas mest verdfulle ressurs no er altså data, ikkje olje, skal vi tru tidsskriftet The Economist.
Dei slo dette fast i ein artikkel i mai 2017, og prova låg i lista over kva som er verdas mest verdfulle selskap. Ti år tidlegare var fem olje- og gasselskap blant dei ti største selskapa i verda. I 2017 var det eitt, medan sju var digitale.
For Amazon og Alphabet (morselskapet til Google), til dømes, er innsatsfaktoren data som dei samlar inn og foredlar.
Digitalisert oppdrett
Men også andre verksemder kan ha verdfulle data som dei kan gjere seg betre nytte av. Ta oppdrettsnæringa som eit døme. Den amerikanske dataingeniøren Bryton Shang hadde så vidt høyrt om oppdrett då han sat i Silicon Valley og skulle finne bransjar der kunstig intelligens, maskinlæring og kamerateknologi kunne gje ny kunnskap og prosessar.
Teknologien kunne han mykje om etter å bygd algoritmar for aksjehandel og for å diagnostisere kreft. For fiskeoppdrett var utgangspunktet det same. Å samle inn og analysere data, for så å forstå betre kva som går føre seg nede i fiskemerdane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.