Kommentar
Kva er menneskeverd?
Symptom på eit paradigmeskifte er når dei gamle omgrepa som tidlegare var sjølvsagde, skifter innhald eller ikkje lenger er forståelege. «Menneskeverd» er eit slikt omgrep.
«I debatten om til dømes bioteknologi eller aktiv dødshjelp, er det avgjerande kva menneskesyn vi legg til grunn», sa Kjell Ingolf Ropstad til landsmøtet 8. november. Eg kunne ikkje vore meir einig, skriv Eivor Andersen Oftestad.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Dei siste vekene har KrF igjen fått argusaugo på seg. Ropstad gjekk ut med eit forsvar for det kristne menneskeverdet på sitt eige landsmøte, men rota det til i etterkant då han måtte forklara kva han meinte. Kommentarane var ikkje nådige: «Dette er det reneste vrøvl fra Ropstad, og et av de mest hjelpeløse politiske utspill noen norsk partileder har kommet med», skreiv leiaren i Stavanger Aftenblad. Karakteristikkane hagla: «stråmannargumentasjon», «uheiderleg», «pinleg», «hårreisande», «utruleg» og «ureieleg». Analytikarane som vart intervjua i media, var ekspertar på politisk strategi og snakka stort sett om kva partitaktikk som låg bak det heile. Kva tente – eller tapte – Ropstad på dette, og kva slags posisjonering var det Ropstad prøvde på. Viktig nok, men sjølv hadde eg ynskt ein debatt om det han faktisk sa. Eg er meir interessert i saka enn i det politiske taktikkspelet. Som røystar ved neste val er det dette eg er oppteken av: Kva verdiar skal prege framtida vår?
Tendensar
I talen den 8. november snakka Ropstad om fire tendensar i samtida som truga det han kallar for «det kristne menneskesynet». Den siste tendensen, trua på at menneske ikkje er noko meir enn eit litt intelligent dyr, knytte han til miljørørsla: «Delar av den grøne rørsla i Europa, den kjem også med eit farleg tankegods på kjøpet: ei total avvising av tanken om at mennesket er skapt med ein ibuande [verdi] og med ein eigenverdi.» Kvifor Ropstad trødde feil her, kjem eg tilbake til.
Først vil eg seie at resten av talen handlar om kvifor spørsmålet om menneskesyn er viktig. Og her meiner eg Ropstad seier noko som både er sant og viktig. Han seier at menneskesyn ikkje er «eit teoretisk spørsmål», og vidare: «I debatten om til dømes bioteknologi eller aktiv dødshjelp, så er det heilt avgjerande kva for eit menneskesyn vi legg til grunn.» Eg kunne ikkje vore meir einig. Dette er grunnlagsspørsmål som alle parti burde diskutere. I avslutninga legg han inn patos og lange liner og plasserer KrF som vaktarar på muren. Han peiker på at det kristne menneskesynet ikkje er til pynt, men heilt avgjerande på felt etter felt og «sjølve fundamentet i samfunnet vårt». Men samstundes at det er noko som krev aktiv innsats: «Det er ikkje tilfeldig at det har vorte sånn. Og det er heller inga naturlov som seier at det skal verte verande sånn. Det er ikkje sjølvsagt at vi vil ha eit parti som bringar dette perspektivet inn i norsk politikk.»
Eit salig rot
Når denne talen fekk Une Bastholm i MDG til å sjå raudt, og nær sagt heile pressa – med unnatak av redaktør Selbekk i Dagen – til å fyre laus mot Ropstad, var det fyrst og fremst fordi han ikkje greidde å svare for seg i dei påfølgjande debattane. Det vart eit salig rot av Kinas eittbarnspolitikk, Peter Singer, aktiv dødshjelp, MDG, kjæledyr og skuldingar om stråmenn. Eg lèt det liggje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.