Kva ser stormaktene når dei no ser mot Georgia?

Partiet Georgisk draum held fram med utanlandsagentlova trass i ein månad med demonstrasjonar. EU jenkar på krava, medan USA melder seg på med pisk og gulrot.

Opprørspoliti slo ring om parlamentet i den georgiske hovudstaden Tbilisi 14. mai i år.
Opprørspoliti slo ring om parlamentet i den georgiske hovudstaden Tbilisi 14. mai i år.

Er vi no så innsausa i forteljinga om at vårt tidsrom er ein skjebnesvanger kamparena der demokrati og autokrati kjempar om verdsherredømme, at vi står i fare for å banalisere det som går føre seg i Georgia? Eller er det så enkelt som georgiarar flest meiner at det er: for Georgia finst det faktisk berre to vegar vidare frå denne krossvegen, ein mot Russland og ein mot EU?

Det blei brått merkeleg stille frå Russland og EU, tenkte eg, i dagane etter at regjeringspartiet i Georgia, Georgisk draum, pressa gjennom den kontroversielle utanlandsagentlova som den siste månaden har fylt gatene med demonstrantar som meiner lova er snikrussifisering. Kanskje er ikkje EU villig til å sette hardt mot hardt her, fordi dei ikkje er interesserte i å utvide kampsona som Ukraina har blitt?

Denne veka kom derimot USA på banen i spelet om framtida til Georgia. På onsdag gjorde den amerikanske utanriksministeren, Antony Blinken, det klart at dei har planar om blande seg inn. «Vi er svært bekymra for utanlandsagentlova», sa han. «Eg trur diverre den er henta rett frå Moskvas playbook

Ein fekk ein forsmak på korleis ei slik innblanding vil bli møtt, då Joe Wilson, ein republikanar i Representanthuset frå Sør-Carolina, tidlegare same veke sa at han vil foreslå ein avtale som sikrar georgiarar lettare tilgang på amerikanske visum i byte mot at den georgiske regjeringa trekker tilbake lova. Amerikanaren kallar det for Megobari-traktaten, etter det georgiske ordet for venn.

Men handsrekkinga kom med atterhald: Om dei derimot ikkje trekker tilbake lova, truar amerikanaren med sanksjonar. Regjeringsmedlemmer som har kjempa for lova, skulle bli nekta visum til USA. Forslaget såg òg ut til å krevje at landet legg lokk på antivestleg retorikk.

Wilson sa i eit intervju at det georgiske folket er ei kroppsleggjering av fridomslengsel og avvising av Kremls mellomalderske mørke ­– ei inspirasjonskjelde for amerikanarar. Propaganda møtt med propaganda her, med andre ord, og kanskje ikkje det det vesle landet treng mest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement