Kommentar

Kven eig kunnskapen om fortida?

Ein historikar eig korkje funna sine eller framstillinga av fortida, sjølv om enkelte ser ut til å meine det.

Publisert

Simen Sætre har skrive ein viktig artikkel i Prosa nr. 6 i år der han er svært streng med Morgenbladets bokmeldar Bernhard Ellefsen, som påstod at forfattar og journalist Hugo Lauritz Jenssen gjorde seg skuldig i kunnskapstjuveri då han skreiv boka En samisk verdenshistorie.

Ellefsen skulda ikkje Jenssen for plagiat. Sjølv om han meiner han ligg nær opptil. Det store problemet er derimot «bokens mange tyverier av kunnskap». Og Ellefsen nyttar nettopp omgrepet kunnskapstjuveri for å vise korleis forfattaren på ein «omfattende og skruppelløs» måte nyttar andre forfattarars «funn, fremstillingsform, ord, historiske fotografier og sitater fra samtiden».

Eg skal ikkje vurdere om Ellefsens karakteristikkar er treffande for boka til Jenssen. Men ifølgje Sæter har Jenssen på ingen måte underslått kvar han har henta stoffet sitt frå. Eg vil derimot spørje om det overhovudet er fruktbart å snakke om kunnskapstjuveri? Eller sagt på ein annan måte: Sidan tjuveri er eit lovbrot, må me då nytte juristspråk og reglar i åndsverklova for å vurdere om innhaldet i eit verk i for stor grad kviler på eit anna arbeid?

Sjølvsagt kan du ikkje skrive rett av ein annan forfattar og gje ut det som ditt eige. Då er det eit plagiat – om du ikkje siterer i hermeteikn. Det er nok alle samde i. Det er sjølvsagt òg god forskingsetikk å fortelje kva og kven du byggjer kunnskapen din på. Det skulle berre mangle. Noko som samstundes gjer at andre igjen kan nytte kunnskapen i sine verk, eller gå attende til den fyrste forfattaren.

Men kven eig kunnskapen om historia? Er det ikkje slik at når ein historikar eller forfattar har publisert funna sine, er kunnskapen tilgjengeleg, slik at alle kan nytte seg av han i sitt eige arbeid? Eg veit at det kan kjennast skuffande, kjipt og sårt om ein annan forfattar treffer ein større lesarkrins med mine arkivfunn og analysar, og den einaste æra eg sit att med, er ein note langt bak i boka. Samstundes vil eg hardnakka påstå at det korkje er uetisk eller ulovleg kjeldebruk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement