Krig
Kven og kva trur ukrainarane på?
Over 600 dagar har gått sidan det nye åtaket frå det russiske militæret. Om nye tre månader vil tre triste datoar vere prenta inn i den moderne historia til landet: ti år sidan annekteringa av Krym og starten på krigen i Donbas, og to år sidan starten på den nye russiske aggresjonen.
President Volodymyr Zelenskyj vitjar og poserer med soldatar på ein ikkje namngjeven stad ved fronten i Ukraina 3. oktober i år.
Foto: Pressetenesta til presidenten / Reuters / NTB
Eg trur ikkje desse datoane kjem til å bli markerte på noko spesielt vis i Ukraina, men for dei fleste ukrainarar vil februar 2024 gje ein ny grunn til tenkje over den ferske fortida, notida og framtida.
Før krigen grunda ukrainarane ofte over kva retning landet deira tok: «Kor går Ukraina? Har landet valt den rette vegen?» Det nye spørsmålet ukrainarane vil freiste å finne svar på, vil vere enklare, men ikkje mindre viktig: «Korleis vil denne krigen ende? Kva er det som ventar Ukraina etterpå?»
Det er ingen løyndom at optimismen blant ukrainarane når det gjeld ein snarleg slutt på krigen, har minska sidan i fjor. Da var det slik at sjølv dei som ikkje hadde røysta på Zelenskyj i presidentvalet, trudde at den uhemma energien hans ville hjelpe Ukraina til å skaffe seg dei våpena som skulle til for å jage fienden frå dei okkuperte territoria. Det verka ikkje som det uroa nokon at sigermeldingane hans alltid nemnde berre nokre små våpenforsyningar: «Slovakia gav Ukraina to Zuzanna-kanonar, og Tyskland gav to Iris luftforsvarssystem.»
Det gjekk rykte i Ukraina om at dei allierte i røynda gav mykje meir, men i løynd, for ikkje å irritere Russland. Storleiken på militærhjelpa vart oppfatta som noko teoretisk. Så kom det rapportar om 50 pansra køyretøy frå Australia, og så ti stridsvogner frå Belgia. Somme ekspertar var djupt krenkte, og sa at slik hjelp er verdlaus på ein front som strekkjer seg over 1300 kilometer.
Eg tenkte at mykje av denne praten var eit spel – for å styrke moralen både blant fredsæle ukrainarar og blant soldatar ved fronten. I utgangspunktet trur folk at dei ukrainske styrkane kjempar med Nato-våpen. Det kjem berre ein og annan sjeldan rapport om våpen som no blir produserte i Ukraina, og om planar for samproduksjon av våpen og ammunisjon på ukrainsk territorium, men dette er svært ømtolig informasjon som russisk etterretning ikkje bør få kome under vêr med.
Om ukrainarane tidlegare venta seg mirakel frå vestlege våpen, har både Himars- og Storm Shadow-missil no blitt noko velkjent, nesten daglegdags. No ventar ukrainarane på F16-fly frå Vesten, men desse forventingane er ikkje lenger overdrivne. Alle skjønar at sjølv om det er viktig å kunne forsvare luftrommet over Ukraina med vestlege kampfly, vil ikkje F16 avgjere utfallet av denne krigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.