Utanriks
Kven tør å knuse sparegrisen til Putin?
Om EU vågar å beslaglegge dei russiske pengane i europeiske finansinstitusjonar, vil utsiktene til Ukraina bli langt lysare.
President Vladimir Putin i eit møte med styreleiar Andrej Kostin i VTB Bank i Moskva i 2024. Pengane Russland har plassert i utlandet, er ikkje lenger tilgjengelege.
Leiarane i EU-landa står overfor nokre vanskelege val i månadene som kjem. Kva er viktigast: å hjelpe Ukraina i den desperate kampen mot Russland eller å sikre truverdet til euroen og det europeiske banksystemet?
Dette dilemmaet handlar om Russlands sparepengar i utlandet. Dei russiske valutareservane i vestlege finansinstitusjonar vart frosne av G7-landa og EU kort tid etter fullskalainvasjonen av Ukraina i februar 2022. Russland har tent godt på olje- og gasseksport gjennom mange år, og det var store pengar som vart bandlagde. Til saman hadde Russland plassert kring 3300 milliardar kroner i vestlege finansinstitusjonar, det meste i form av euro og noko i statsobligasjonar.
Frosne pengar
Av desse reservane er kring 2500 milliardar i EU-land, og det meste – 2200 milliardar kroner – er plassert gjennom Euroclear. Dette er ein stor privat finansinstitusjon som har hovudkontor i Belgia, med statar, bankar og andre verkeleg store investorar som kundar. Euroclear er enkelt sagt eit mellomledd som sikrar at store verdipapirtransaksjonar går som dei skal.
Formelt sett eig den russiske sentralbanken framleis dei frosne pengane, men han kan ikkje lenger ta dei ut eller bruke dei. Denne situasjonen gjev dei europeiske landa ei viss makt over Russland – vel å merke om dei vågar å bruke den makta. Diskusjonen om dette har gått i tre år, og er slett ikkje over.
Makt og moral
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.