Tastaturkrigen

Kvifor er alle så rasande?


Så der sat eg med mobiltelefonen og sveipa gjennom Facebook, og igjen slo det meg: Så sinte folk er blitt.
  

Publisert Sist oppdatert

Sist søndag blei Sunniva Gylver vigsla til ny biskop i Oslo domkyrkje, og ei slik høgtidleg hending er noko som media gjerne registrerer. Bergens Tidende valde å publisere NTB sin nøkterne artikkel på Facebook, og ikkje uventa blei det mange hjarte, likes og kommentarar i sjangeren «gratulerer så mye til flotte, varme og inkluderende Sunniva. Du er herlig, tøff, ærlig og eit forbilde, skreiv dei, og i ein slik straum av begeistra gratulasjonar er det alltid nokon som skal gå motstraums.

«Kvinnelig biskop? Leser de ikke Bibelen heller?», skreiv Rino.

«Forfallet i den norske kirken fortsetter, skjønner meget godt at flere og flere melder seg ut...», skreiv Gunnar.

«Enda en woke prest... kirken skyter seg i leggen...», skreiv Odin.

«Ordet ’woke’ er en koseklut som skrothøyre gjemmer fjeset i når det dukker opp noe de ikke liker eller forstår», svara Unn. Debatten var i gang, og han eskalerte.

 «Jeg meldte meg ut av statskirken på grund av slike son henne som bruker guds hus som et hore hus for Islam», skreiv Knut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement