Kommentar

«Kvifor har dei engasjert seg for palestinske rettar?»

Jødiske stjerneadvokatar talar for palestinarane i den internasjonale domstolen i Haag.

Høyring ved Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) 19. februar 2024 om rettslege konsekvensar av israelsk okkupasjon av palestinske område.
Høyring ved Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) 19. februar 2024 om rettslege konsekvensar av israelsk okkupasjon av palestinske område.
Publisert Sist oppdatert

Den eldre mannen talar med ei kraft som ikkje står i forhold til den spinkle skikkelsen. Stemma rungar godt og fyller lokalet i den internasjonale domstolen i Haag, der 15 dommarar i svart kappe med blondepynt skal avgjere om den israelske okkupasjonen av palestinske område er ulovleg. Og i så fall, kva skjer då?

Mannen er ein av «stjerneadvokatane» på det palestinske laget. Han er amerikanar, frå ein jødisk familie, og han er i snevrare juridiske krinsar kjend som trufast forkjempar for den svakaste parten i konfliktar mellom statar.

Namnet er Paul S. Reichler. På same benk sit ein annan internasjonalt kjend jurist og forfattar på det palestinske laget. Han er britisk-fransk, også han av jødisk familie, Philippe Sands. Begge er knytte til eit advokatfirma med fin adresse i London, og han kunne sikkert ha valt mellom saker på øvste hylle. Kvifor har dei engasjert seg for palestinske rettar?

Minelegging frå CIA

Reichler tilhøyrer ein generasjon amerikanarar som protesterte mot Vietnamkrigen og sosial urettvise i 1970-åra. Han var nettopp uteksaminert frå jusstudium på Harvard-universitetet og hadde fått ei lovande stilling i eit advokatfirma i Washington då krigane i Mellom-Amerika opptok den same generasjonen – og mange utover den – etter at Vietnamkrigen tok slutt.

Tidleg i 1980-åra lanserte Reagan-regjeringa ein omfattande kampanje for å styrte det revolusjonære sandinistregimet i Nicaragua. CIA-agentar organiserte opptrening av kontrarevolusjonære soldatar (contras) i nabostaten Honduras og la ut miner i tre hamner i Nicaragua. Føremålet var å undergrave økonomien i landet og kutte importen av olje og våpen frå Sovjetunionen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement