FNs kvinnekommisjon I Marita Liabø
Beijing-plattforma la opp til at kvinner skal vere likestilte med menn innan 2030. No har FN gjort opp rekneskap.
Gambiske Fatoumatta (t.v.) blei utsett for kjønnslemlesting då ho var 15 år. Ho nektar å la dottera og dei fire andre døtrene ho har, bli utsette for den skadelege skikken.
Foto: Annika Hammerschlag / AP / NTB
10.–21. mars heldt FNs kvinnekommisjon (CSW) den årlege konferansen sin i New York, koordinert av UN Women. Dette er det største FN-møtet etter generalforsamlinga, med opp mot 10.000 deltakarar frå styresmakter og sivilsamfunn som forhandlar fram ei politisk erklæring.
Årets møte, det 69. i rekka, dreidde seg i stor grad om handlingsplanen som blei til i Beijing for 30 år sidan, sett i lys av FN-rapporten «Women’s rights in review 30 years after Beijing». Rapporten tar for seg stoda blant verdas kvinner i eit menneskerettsperspektiv i dag.
Noreg var representert med eit tital delegatar leidde av statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Erlend K. Hanstveit.
– Stemninga var annleis i år, seier Anne-Mette Øvrum, styreleiar i Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål (Fokus), ein paraplyorganisasjon for norske kvinneorganisasjonar som jobbar med internasjonal likestilling.
Kvart femte år skal deltakarane på CSW vedta ei politisk erklæring, men i år var det for første gong fare for at dei ikkje ville semjast, fortel ho.
– Eg har vore på møta i FNs kvinnekommisjon i meir enn ti år og kjenner systemet godt. I år var det ei anna stemning. Det var ein aura av…
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.