Essay

Kvit skuld og soning

Diverre er woke berre endå ei rørsle som peikar ut éi gruppe som rota til alt vondt i verda. No er det ikkje svarte, skeive, muslimar eller jødar, men kvite, helst kvite menn.

Religiøse sjølvpiskarar. Illustrasjon frå Nürnbergkrøniken (1493), ei verdssoge av Hartmann Schedel (1440–1514).
Religiøse sjølvpiskarar. Illustrasjon frå Nürnbergkrøniken (1493), ei verdssoge av Hartmann Schedel (1440–1514).
Publisert Sist oppdatert

Kvifor melder media om hat når vestlege gjer skade, men om maktesløyse når ikkje-vestlege gjer det? Kvifor lærer norske elevar at vestlege erobringar var «massakrar» og «nedslakting», medan ikkje-vestlege gjekk føre seg «utan tvang»? Kvifor ser me på vestleg slavehald som ei holocaust-hending utan historisk sidestykke? Kvifor er det høgrevridd antiwoke at vestlege er verdikonservative, men ikkje at arabarar og afrikanarar er det?

Woke har svara. Og dei er vitskap. Omfattande kvitleiksstudium (whiteness studies) og kritisk raseteori (critical race theory, CRT) syner at kvitt privilegium (white privilege) reproduserer seg som systemisk rasisme og går i arv. Medan den kristne arvesynda er universell, råkar woke-arvesynda berre éi gruppe.

Dei antiwoke har svara, dei òg: Kvit skuld kjem av ei antivestleg samansverjing mot kvite.

Sjølv lurer eg på om eit svar kan vera: Ein vestleg sjølvkritikk som lenge var skjerpande, har vorte ein umedviten del av tankegodset vårt, har gått fra refleksjon til refleks, og vert i wokerørsla – ja, samansverjande og konspiratorisk, som «tanker som tenker seg selv overalt» (Stein Mehren), som eit religiøst dogme, faktisk ikkje utan etnisk stigma.

Det tredje funnet

At woke er rasistisk, er det tredje funnet i denne serien. Eit fyrste funn var at ordet woke berre er endå eit omgrep frå svart subkultur som vestleg masseungdomskultur har kvitvaska og stole, som jazz, blues, rock og så bortetter. Det andre funnet var at di sterkare det kristne arvesynddogmet stod i eit område, særleg i eks-lutherske område, di sterkare står woke der no.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement