Krig

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Frostrøyk i Kyiv.
Frostrøyk i Kyiv.
Publisert

Den same tjukke skodda ligg rundt dei nære militære og politiske utsiktene til Ukraina. Medan komande president Donald Trump trugar Hamas og krev at dei israelske gissela blir sette fri, erklærer det ukrainske utanriksdepartementet at det ikkje vil godta moglege garantiar frå Nato-allierte, dersom desse garantiane kjem i staden for fullt Nato-medlemskap.

Det må vere innlysande for alle at Nato ikkje seriøst vurderer å invitere Ukraina til den militære og politiske alliansen nett no. Nato ønskjer framleis inga eskalering av konflikten med Russland. Dei håpar på fred gjennom tingingar mellom Zelenskyj og Putin.

Erklæringa frå det ukrainske utanriksdepartementet om å avslå garantiar høyrest ut som eit ultimatum. Men det er ikkje ei utsegn frå president Zelenskyj. Han kan unngå ansvar for erklæringa og byte ut utanriksministeren om det trengst. Medan vi nærmar oss 20. januar og Donald Trumps attervending til Det kvite huset, har alle militære og politiske prosessar i Ukraina gått på full gass.

Erklæringa frå utanriksdepartementet var meint å falle saman i tid med møtet til utanriksministrane i Nato, som gjekk føre seg i Brussel. Der ville ministrane heller diskutere framhaldet av den militære hjelpa til Ukraina enn ukrainsk medlemskap i militæralliansen.

Det dukka opp informasjon i ukrainske medium om at Tyskland er klar til å diskutere delvis Nato-medlemskap for Ukraina. Det vil seie medlemskap for ein del av landet, særleg regionane i Vest-Ukraina, medan Sør- og Aust-Ukraina framleis er kontrollerte av russiske styrkar. Desse militære og politiske rykta vart styrkte av det uventa besøket til Ukraina av den tyske kanslaren Olaf Scholz. Men dei vart ikkje diskuterte av utanriksministrane i Nato under møta deira i Brussel – i det minste ikkje offentleg.

Generalsekretæren i Nato, Mark Rutte, nemnde på den andre sida at Ukrainas veg til Nato-medlemskap krev underteikning av bilaterale tryggingsavtalar med kvart av medlemslanda i militæralliansen – ein lang og problematisk prosess. Det verkar ekstremt lite sannsynleg å få til ein slik avtale med Ungarn så lenge Viktor Orbán er statsminister, eller med Slovakia så lenge Robert Fico leier regjeringa der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement