Krig

Kyiv pustar stadig og lyttar på kråkene

Nettene i Ukraina blir kaldare og kaldare, men om morgonen stig temperaturen til rett under frysepunktet.

Kråka er det uoffisielle fuglesymbolet for Kyiv, skriv Andrej Kurkov.I fredstid er det som om kråkene varslar kvarandre om noko med skrika sine. No verkar det som dei varslar innbyggjarane.
Kråka er det uoffisielle fuglesymbolet for Kyiv, skriv Andrej Kurkov.I fredstid er det som om kråkene varslar kvarandre om noko med skrika sine. No verkar det som dei varslar innbyggjarane.
Publisert Sist oppdatert

Bustadene i Kyiv er varme. Oppvarminga fungerer. Av og til forsvinn elektrisiteten. Særleg merkar ein dette ved kveldsleite. Det blir brått mørkt og svært stille. Ein stivnar automatisk til og lyttar. Ein freistar ta ei avgjerd: tenne stearinlysa eller vente? Oftast kjem lyset att etter nokre minutt, og ein pustar letta ut og held fram med det ein dreiv med.

Det er verre når straumen forsvinn samstundes med at lyden frå luftvernsirener kjem. Men det har ikkje skjedd enno i år. 2024 har akkurat byrja, og korleis året vil arte seg for eit Ukraina i krig, er det så langt ingen som veit.

Om morgonen går innbyggjarane i Kyiv på arbeid. Av og til knirkar snøen under føtene deira, andre gonger skvalpar det i snøslaps. Ved lunsjtid stiller folk seg i kø ved Jaroslav-kafeen i det historiske senteret i Kyiv for å skaffe seg ein bolle med ulike typar fyll, til dømes graut, kjøt eller kirsebær.

Tilsette ved kontor i nabolaget kjøper ulike bollar og går attende til kontoret, der dei kan lage seg te eller kaffi. Denne lunsjen kostar berre ein tredjedelen av prisen på dei tidlegare så populære businesslunsjane mange kafear og restaurantar i bysentrum baud på. Oppslag med «business lunch» ved kaféinngangane er på langt nær så vanlege som dei var i fjor.

Årsakene til dette er klare. Krigen held fram. Prisane på mat og energi aukar. Lønene til offentleg tilsette er minska. Private forretningar slåst òg for å overleve. Den ukrainske hryvniaen går ned i verdi mot dollar og euro.

For nokre dagar sidan, da eg laut få tak i ein Uber-drosje for å besøke vener på den andre sida av Kyiv, viste appen på telefonen min at det var mange tilgjengelege bilar i nærleiken, mange fleire enn før. På under eit minutt sette kona mi og eg oss inn i ein blå Skoda med Kyiv-skilt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement