Sideblikk

Låg valdeltaking gir utanforskap

Det er røystene som tel, men ressursar avgjer kven som røystar, og kva dei røystar.

Valet er hemmeleg, men det er ingen løyndom at fleire bruker røysteretten på vestkanten enn på austkanten i Oslo.
Valet er hemmeleg, men det er ingen løyndom at fleire bruker røysteretten på vestkanten enn på austkanten i Oslo.
Publisert

Tingets hall har opna seg, og statsbudsjettet er lagt fram. Den nasjonale politiske dagsordenen vender tilbake til det ordinære etter å ha vore skipla av aksjespekulasjonar og inhabilitet.

Kommunane er i ferd med å få konstituert seg med valtekniske og programmatiske alliansar. Det er blitt mange breie regnbogekoalisjonar, men som kjent er det berre ein draum at gullskatten finnes der regnbogen endar.

VALDELTAKINGA ER ALLTID lågare ved lokale enn ved nasjonale val, og langtidstendensen er at det går nedover. Unntaka er når høgprofilerte saker og konfliktar fører til ekstra mobilisering fordi noko avgjerande står på spel: Kings Bay og Gerhardsen-regimets fall, EF/EU. Og for nokre parti: abort, landbruksoppgjer, kontantstøtte, bompengar.

Ved stortingsvalet for to år sidan røysta 77,2 prosent, ved kommunevalet i år 62,4 prosent. Det var altså 37,6 prosent som ikkje brukte røysteretten. Del­takinga varierer mellom grupper og valkrinsar: fleire kvinner enn menn røystar, og valdeltakinga aukar med inntekt, utdanning og alder.

Aldersgruppa over 80 er den einaste der talet på røysteføre veks. Sjølv om valdeltakinga totalt fall med 2 prosentpoeng frå førre kommuneval, auka ho med meir enn det mellom dei eldste (64,4 prosent). Lågast valdeltaking var det i aldersgruppa 20–24 år (45,5 prosent).

Det er fLEIRE som BRUKER røysteretten i ressurssterke enn i resurssvake strøk. I Alna bydel i Oslo røysta berre 49,8 prosent, i enkelte valkrinsar var deltakinga nede i 40 prosent. I Vestre Aker røysta 77,6 prosent, i somme valkrinsar over 80 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement