Lagnadstid i Iran

Demonstrasjonane i Iran samlar eit breitt lag av befolkninga og har nådd dei fleste regionane i landet. – No byrjar ein ny epoke, seier den iransk-svenske forskaren Mehrdad Darvishpour.

To veker etter at demonstrasjonane i Iran braut ut, er fleire hundre personar pågripne. Minst førti har ifølgje offisielle tal mista livet i samanstøytar.
To veker etter at demonstrasjonane i Iran braut ut, er fleire hundre personar pågripne. Minst førti har ifølgje offisielle tal mista livet i samanstøytar.

Det var «liten grunn til optimisme» og «ikkje mykje håp om at ting vil endre seg til det betre», melde utanlandske medium då Ebrahim Raisi vart vald til ny president i Iran i juni i fjor.

Raisi, som kom frå posisjonen som leiar for rettsvesenet, er kjend for å vere konservativ i sosiale spørsmål og rekna som nær alliert av ayatolla Ali Khamenei, den øvste leiaren i Iran. Han overtok etter den meir moderate presidenten, Hassan Rouhani, ved eit val som samla all makta i landet på konservative hender.

Den tidlegare dommaren er òg skulda for å ha vore med i den såkalla «dødskommisjonen» som gav ordre om utanomrettslege avrettingar av fleire tusen politiske fangar i 1988. Sidan 2019 har han stått på USAs sanksjonsliste, mellom anna på grunn av det.

Sidan Raisi vart vald til president, har talet på personar som har vorte avretta i Iran, stige, og det generelle presset mot kritikarar av regimet har auka, ifølgje menneskerettsorganisasjonar. Iranske styresmakter har også innført nasjonal dag for «hijab og sedeleg livsførsel», gjeve ordre om og midlar til at hijabpåbodet iranske kvinner har levd med sidan 1979, skal handhevast strengare, og planlegg endåtil å bruke andletsgjenkjenningsteknologi på offentleg transport for å identifisere kvinner som ikkje følgjer dei strenge klesreglane.

Men no er situasjonen med eitt snudd, og det er leiarane i Iran som sjølve er under press. Dei store demonstrasjonane som har spreidd seg i Iran sidan kurdiske Masha Amini døydde i varetekt i Teheran 16. september, vert omtalte som den mest alvorlege utfordringa iranske styresmakter har stått overfor på fleire år.

22 år gamle Amini hadde vorte gripen av moralpolitiet fordi dei meinte ho hadde på seg hijaben feil. Styresmaktene hevdar ho døydde som følgje av hjarteproblem, men augevitne seier ho vart banka opp av moralpolitiet og så hamna i koma. Ifølgje familien hennar hadde ho heller ikkje hjarteproblem.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement