Politikk

Lagnadstime

Likvideringane av toppleiarar i Hamas og Hizbollah syner at Israel kan drepe kven som helst, kvar som helst. Fleirfrontskrigen står ved eit vegskilje.

Ein mann henger opp ein plakat av den døde Hamas-leiaren Ismail Haniyeh i den palestinske flyktningleiren Burj al-Barajneh i Beirut 31. juli. Til høgre heng eit bilete av Hamas-grunnleggjaren Sheikh Ahmed Yassin, som vart drepen av ein israelsk drone i 2004.
Ein mann henger opp ein plakat av den døde Hamas-leiaren Ismail Haniyeh i den palestinske flyktningleiren Burj al-Barajneh i Beirut 31. juli. Til høgre heng eit bilete av Hamas-grunnleggjaren Sheikh Ahmed Yassin, som vart drepen av ein israelsk drone i 2004. Ein mann henger opp ein plakat av den døde Hamas-leiaren Ismail Haniyeh i den palestinske flyktningleiren Burj al-Barajneh i Beirut 31. juli. Til høgre heng eit bilete av Hamas-grunnleggjaren Sheikh Ahmed Yassin, som vart drepen av ein israelsk drone i 2004.
Publisert Sist oppdatert

Veka etter at Netanyahu tala til kongressen i USA, har spenninga på Israel sine to mest sentrale krigsfrontar gått rett i vêret. 30. juli likviderte Israel den militære leiaren til Hizbollah i Beirut som svar på eit angrep mot ein fotballbane på Golanhøgda. Natta etter stod Israel truleg bak eit målretta åtak på Hamas’ øvste politiske leiar Ismael Haniyeh medan han var gjest i Teheran hjå øvste leiar for Den iranske islamske republikken, Khamenei. No kan alt skje.

Hemnaksjon

Israel likviderte den sjiamuslimske Hizbollah-kommandanten Fuad Shukr i Beirut som svar på luftåtaket to dagar tidlegare mot ein fotballbane i ein arabisk landsby på den okkuperte Golanhøgda, der 12 drusiske born vart drepne. Israel hadde varsla at eit hemnåtak ville kome. Då Netanyahu tala til Kongressen 24. juli, var ein hovudbodskap at hans israelske militære ikkje er ein «hær av kvite, vestlege jødar». Netanyahu hadde nemleg teke med seg eit knippe melaninrike IDF-soldatar til Capitol Hill. Den første som vart kalla fram, var ein israelsk arabar som tilhøyrer den religiøse muslimske minoriteten drusarane, som held til på Golan, i Sør-Libanon og i Sør-Syria. Soldaten vart presentert som ein del av den mangfaldige israelske folkehæren som no slåst på fleire frontar. Då 12 drusarborn vart drepne av ein rakett skoten frå Libanon få dagar seinare, måtte Israel svare tydeleg for å vise at drusarar òg vert verna av den same israelske folkehæren. Hizbollah, drusarane, Iran og Israel understreka alle at dei ikkje vil ha storkrig mellom Israel og Hizbollah no. Israel kvitterte med å likvidere Hizbollahs øvste militære leiar og ein av grunnleggjarane av Hizbollah. Ikkje sidan Syria-krigen var på sitt verste i 2016, har ein like høgtståande Hizbollah-leiar vorte likvidert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement