Utanriks

Landsbyen som ikkje vil døy

HIRURE: – Om eg ikkje kjem til himmelen, så gjer det ikkje noko. Eg har hatt himmelen min i dette livet, her i Hirure. Om dei så drep 20 eller 30 av oss, blir eg verande her.

Ein tyrkisk soldat skaut småbrukaren Ramazan Ali (70) tysdag 1. juni 2021. Han kan aldri meir vatne åkrane eller hauste inn nøtter frå utmarka rundt Hirure.
Ein tyrkisk soldat skaut småbrukaren Ramazan Ali (70) tysdag 1. juni 2021. Han kan aldri meir vatne åkrane eller hauste inn nøtter frå utmarka rundt Hirure.
Publisert

«Aref Omer» seier dette da vi står ute på gardsplassen hans. Slik forholda er no, finn eg det tryggast å ikkje bruke det verkelege namnet hans.Naboar seier som han: «Hirure er landsbyen vår. Her blir vi.» Alt er fredeleg. Gradstokken viser godt over 40 grader. Samtidig veit dei og eg at mange har flykta. Einaste lyden kjem frå ein drone som sirklar over oss. Hirure ligg sju–åtte kilometer sør for grensa mellom Irak og Tyrkia.

Eg er på ei lita rundreise i eit av dei krigsherja områda i Nord-Irak. Tre tilsette i den amerikanske organisasjonen CPT er vegvisarar. CPT er Christian Peacemaker Teams – Iraqi Kurdistan. Christopher er amerikanar. Kamaran og Ronak er kurdarar. Ronak er flyktning frå Iran, men bur i Nord-Irak no. Ho kombinerer deltid i CPT med laboratoriejobb på eit sjukehus i Suleimania, ein by som er jamstor med Oslo. Dei dokumenterer, utan å velje side i krigen. CPT har godt omdømme fordi dei stiller opp for sivilbefolkninga.

For meg er dei døropnarar. Vi slepp gjennom dei fleste sjekkpunkta i krigsområdet etter at Ronak har forklart kvifor CPT denne gongen har med seg ein person med norsk pass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement