JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Latter vert til tårer

Eit farseaktig valtap for republikanarane set agendaen til Trump i fare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den republikanske kandidaten til senatet, dommar Roy Moore, på veg til røystelokalet i Gallant i Alabama 12. desember i år.

Foto: Jonathan Bachman / Reuters / NTB scanpix

6339
20171222
6339
20171222

På eit eller anna tidspunkt i livet avgjer vi alle kva dramatisk sjanger vi er med i. Er livet ditt ein tragedie? Ein komedie? Som akademikar freistar eg leve livet mitt som ein opphøgd BBC-dokumentar, men på eit eller anna vis fell det alltid attende til situasjonskomedie.

Somme amerikanske presidentskap har vore autentiske tragediar: Det gjeld visseleg John F. Kennedys. Det ville kravd ein Aischylos for å gje full rettferd til Kennedy-familiens versjon av Orestien. Andre presidentskap har vore meir komiske: Aristofanes ville likt Bill Clintons periode, ikkje minst fordi Clinton hadde den genialt uanstendige personlegdomen som den atenske skodespelforfattaren gjerne gav heltane sine.

Med god grunn siterte Henry Kissinger Shakespeare ved gravferda til Richard Nixon, for Nixons sjølvøydelegging var ein autentisk shakespearsk tragedie. Men kva vil Donald Trumps presidentskap syne seg å vere? Om du trur profetane for amerikansk tyranni, er det alt ein tragedie – ein fæl kombinasjon av Coriolanus, Macbeth og Richard III. Eg vel den andre sida. Dette, mine vener, er ein komedie. Det kan til og med vere ein fullkomen farse.

Valet i Alabama for to veker sidan nærma seg slapstick. Trump klarte ikkje å hindre at Roy Moore var kandidaten til republikanarane til sessen som vart ledig etter justisminister Jeff Sessions. Men Trump mislukkast òg i å få Moore vald – i en stat som er omtrent den mest republikanske av alle. I månadene før avrøystinga var det ei rad kvinner som skulda Moore for å ha overfalle dei seksuelt eller i det minste trakassert dei då dei var i tenåra.

For meg var komediens høgdepunkt då Moore kom ridande på cowboyvis til vallokalet, men det var andre sublime scener òg: då kona hans la fram som prov på dei opplyste haldningane deira at ein av advokatane deira «er jøde».

Tidlegare i år hevda eg at halveringstida for populisme kan vere så kort som tolv månader. Etter kvart som vi nærmar oss eittårsdagen for innsettinga av Trump neste månad, innser eg at eg burde sagt elleve.

Det er sant at økonomien i USA held fram den uvanleg langvarige oppgangen etter finanskrisa. Veksten i det siste kvartalet i år er av Atlanta Federal Reserve berekna til å vere på 3,3 prosent; New York Fed seier nesten 4 prosent. Som Trump minner twitterfølgjarane sine om kvar veke, set aksjemarknaden rekordar. Vi er nær full sysselsetting.

Økonomane kan krangle om kor mykje eller kor lite av dette som kan tilskrivast Trump-administrasjonen i eit år der den globale veksten har vore så bra. Dei kan òg krangle om korleis mange amerikanarar opplever at storparten av inntektsveksten er konsentrert heilt på toppen i samfunnet. Men dette er definitivt ikkje den økonomiske katastrofen som vart spådd av nokre av dei for eit år sidan. (Lat oss ikkje gløyme nobelprisvinnaren Paul Krugmans profeti på valnatta om at aksjemarknaden «aldri» ville kome seg etter ein Trump-siger. Det synte seg å vere feil alt klokka 11 dagen etter.)

Det einaste som er verdt å diskutere er om denne oppgangen kan halde fram heilt til 2020, når sentralbanken no aukar renta og gjer slutt på dei storskala obligasjonskjøpa som var bankens mest kreative svar på finanskrisa. Mitt tips er at Trump vil få eitt godt år til, men at det blir noko anna i 2019–20.

Poenget, når det gjeld hans eigen popularitet, er at dei økonomiske indikatorane verkar irrelevante. Trump vart positivt vurdert av 44 prosent av folket då han vart innsett i januar. Det var om lag den same prosenten som meinte det motsette. I dag er populariteten nede i 37 prosent, mot 58 prosent som gjev han negativt skussmål. Det kan vere verdt å minne om at ingen president starta det første året så upopulær, og ingen har opplevd å falle så langt ned på popularitetsmålingane dei følgjande månadene.

Og sjå no på bidraget til fallet frå hans eige parti i Kongressen. For eit år sidan heldt speakeren i Representanthuset, Paul Ryan, oppeldnande talar i Washington om alle dei store tinga republikanarane skulle gjere no når dei hadde fått fleirtal overalt: Dei skulle avskaffe Obamacare. Dei skulle få til ei omfattande skattereform. Dei skulle fjerne tyngande reguleringar.

No er vi komne til desember, og Obamacare er framleis her, medan den omfattande skattereforma er eit misfoster av ei lov som grovt sett kuttar i selskapsskatten, minskar inntektsskatten for høge inntekter, skrumpar visse velferdsprogram og likevel aukar underskottet med minst ein billion dollar i løpet av dei neste ti åra. Truleg vil kuttet i selskapsskatten føre til noko auka vekst. Men dette er i ferd med å bli ei politisk ulukke.

Det er difor meir og meir sannsynleg at demokratane vil vinne attende fleirtalet i Representanthuset neste år. Det har òg blitt råd å sjå for seg at dei kan ta attende kontrollen over Senatet, der Trumps fleirtal no er 51–49, takk vere samanbrotet i Alabama. Med denne farten vil demokratane kome med framlegg om riksrett neste år på denne tida.

I mellomtida held spesialetterforskaren Robert Mueller fram med undersøkingane om den påståtte samansverjinga mellom Trump-kampanjen og den russiske regjeringa. Eg er ikkje sikker på om det finst noko fellande bevis Mueller vil finne. Men eg er meir og meir viss på at Trump vil freiste å stogge etterforskinga ved å sparke Mueller, slik han sparka den tidlegare FBI-sjefen James Comey. Når dette skjer, vil vi få sjå om grunnlovsfedrane lukkast i å lage ei grunnlov som ikkje kan kastast på båten same kor skruppellaus presidenten er, eller om dette verkeleg er republikkens siste dagar.

«Om ikkje det heile var så tragisk», skreiv ein ven av meg, Andrew Sullivan, for eit par veker sidan, «ville vi alle ledd ræva av oss». Han har truleg rett i at det er for tidleg for latter, men utanlands sit dei alt og klukkler. «De er interessante gutar», sa president Putin om amerikanske parlamentarikarar under ein av dei endelause pressekonferansane sine. «Er de i det heile teke normale?» Eg høyrde tilsvarande ting i Beijing tidlegare denne månaden.

Komedie eller tragedie? I dette tilfellet avheng det kan hende av kvar du sit i salen.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det vert stadig meir truverdig at ingen gjer meir for å gjenreise helsa og vitaliteten til amerikansk liberalisme enn Trump.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis